søndag 30. september 2012

Heilt paradisisk


Eg er slik litt betatt av paradisepler. Eg tykkjer dei er svært vakre. Desverre står ikkje smaken heilt i stil. Dei er sure som få og det er ikkje lett å finne områder å bruke dei som passar til syrlegdommen. Eg har alt laga dram og gelè, noko dei passar særs godt til. I dag ville eg utfordre meg med å lage ein dessert.


For å søte  epla litt opp koka eg ein sukkerlake på sitronsaft, sukker og honning og ei kanelstang. Dette let eg epla trekkje i i ca. 1 time. Så la eg dei på ferdigkjøpt butterdeig saman med kanel, perlesukker og hakka mandla. I botnen la eg litt vaniljekrem.


Steikt i ovenen på 2oo grader eit bel og desserten kunne serverast med is. Sakna ein eller anna smak, og etter god eit  råd, koka eg sukkerlaken inn til sirup og serverte til. Herleg!

Eg vil heilt klart ha med eit paradisepletre i hagen! Nokon som veit korles eg skal få det til?

lørdag 29. september 2012

Ei uoppredd seng



I dag har eg ikkje mykje å visa fram, anna enn ei uoppredd seng eg godt kunne tenkt meg å brukt litt meir tid i....




fredag 28. september 2012

September i fargar

   
   
   
   

torsdag 27. september 2012

Kakemenn og damer i september




Vetlo ville baka kakemen og da fekk ho sjølv om me enno skriv september. Ho baka og ho brasa. Ho mala og ho åt. Kjekt syns no eg, for eg har aldri baka kakemenn før. Sidan ein gong må vera den fyrste er det greitt å ha generalprøven i god tid før jul.



...eller god tid...tre månadar..og knapt nok det....... går rasande fort....

onsdag 26. september 2012

Ting og tang til heimen

Når eg surfa rundt på nettet etter inspirasjon til interiøret finn eg veldig mykje av dette...





.....og ein del av dette:




I allefall i den stilen eg ser mest på for tida. Det fins sjølvsagt mykje anna der ute. Det flottaste er kanskje retrostilen i alle slags herlege pastellar, heilt nydeleg men heilt ugjennomførbart hjå meg.

No kunne eg no berre gje ut og kjøpt meg alt dette, men det ville vel kanskje vere som å kjøpe eit svensk ferdighus, eller meir dansk :D i dette tilfellet. 

Så no gjennstår det å finne det eg ynskjer meg nok til å investere i og det som eg faktisk treng. Kunsten er nok å finne sin eigen stil. Lett å verte litt hjernedød når ein "ser" det same overalt, løyndommen med å ikkje verte hermelus er vel å stole bittelitt meir på seg sjølv enn det som er vanleg i mitt tilfelle :D

tirsdag 25. september 2012

Haust i drivhuset


 

Det haustas og i drivhuset. Bønneplantane og tomatplantane har teke kvelden og alt som er att er saker som er redda inn frå frosten. Det er kalde tider og eg har ovn på om natta. Den sug straum sidan huset er langt fra tett. Likavel kosta me da på oss her i kraftkommunen, i allefall litt lengre ut på hausten så eg kan drikka kaffien min og filosofere i lune omgjevnader...


Einaste drueplanten min lever godt enno. Den har vakse seg stor og kveilar seg rundt i taket. Ikkje ei drue i sikte, men kanskje til neste år om den overlever vinteren her i Hakkadalen. Det gjeld underteikna også. Eg er ikkje klår for vinter, eg ventar faktisk enno på sommaren....ein lang, mørk, kald og sur vinter til kjennes altfor tungt å tenkja på akkurat no... så då gjer eg det ikkje heller...

mandag 24. september 2012

Hatlneter

 

I går gjekk me på leit etter hatlneter, eller hasselnøtter som det offisielt heiter. Hatl seie me her på vestlandet sidan me er for late til å seie "s". Eg las at dei kalla det assimilering eller noko, eit anna ord for dovenskap sidan me berre klikka tunga i ganen i staden for å stemma s-en.  Uansett så er det heller ikkje lov å berre gå og forsyna seg av hatlnetene. Ein streng paragraf seier at du kan plukke det du klarar ete på staden, men skal du ta med deg må du snakke med grunneigaren om kompensasjon, om du i det heile får lov.

 

Denne gongen fekk eg forlating i standen for tillating siden eg var litt på hæla i samband med denne paragrafen... Uansett, å kunne ta ungane med i skogen og plukke hasselnøtter er ganske flott og minnerikt ein sundag i september....

 

søndag 23. september 2012

..datta interiøret...

Eg veit da burde komme eit interiørinnlegg sånn dann og vann.. eg lika da godt når andre har fine bilde frå heimen. Men eg må innrømma at møbla og slikt.... har gje litt sånn i dekning..



Ser at bloggen har vorte meir ein hage og matblogg. Kanskje ikkje so tåssje sidan det er det eg styre med om sommaren og hausten. Men når hauststormane set inn, kjem eg nok tilbake til interiøret er eg redd. Eller det er vel mannen som er mest redd sidan eg har nokre ganske kostbare ynskje i so fall.....

lørdag 22. september 2012

Haust i skogen


   
   
   
  

Ingenting kan overgå ein haustdag i skogen. Ingenting av triviell art i allefall....

Dette innlegget deltar i Mandagstema hjå Alt som er vakkert denne veka...