søndag 30. september 2012

Heilt paradisisk


Eg er slik litt betatt av paradisepler. Eg tykkjer dei er svært vakre. Desverre står ikkje smaken heilt i stil. Dei er sure som få og det er ikkje lett å finne områder å bruke dei som passar til syrlegdommen. Eg har alt laga dram og gelè, noko dei passar særs godt til. I dag ville eg utfordre meg med å lage ein dessert.


For å søte  epla litt opp koka eg ein sukkerlake på sitronsaft, sukker og honning og ei kanelstang. Dette let eg epla trekkje i i ca. 1 time. Så la eg dei på ferdigkjøpt butterdeig saman med kanel, perlesukker og hakka mandla. I botnen la eg litt vaniljekrem.


Steikt i ovenen på 2oo grader eit bel og desserten kunne serverast med is. Sakna ein eller anna smak, og etter god eit  råd, koka eg sukkerlaken inn til sirup og serverte til. Herleg!

Eg vil heilt klart ha med eit paradisepletre i hagen! Nokon som veit korles eg skal få det til?

2 kommentarer:

  1. I wish you would include the translation option so i could even understand and not just look at the pictures ;-) i know i have to do the same

    Hugs from germany
    Claudia

    SvarSlett
  2. Oi, den desserten så bare helt lekker ut. Har ikke paradisepler, men noen andre som vi bare kaller for surepler. Dette skal prøves. D

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.