Viser innlegg med etiketten Interiør og sånn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør og sånn. Vis alle innlegg

torsdag 30. november 2017

Innkjøpsstopp



Når jula nærmar seg har eg ei lei tendens til å gløyme alt eg har kjøpt
til tidlegare juler
det er som eg ikkje eig noko
te pynte med til jul
eller at det eg har er så skralt eller so lite


så difor har eg jo einlei tendens til å leggje att etter meg nærare eit halvt statsbudsjett
i butikkar som sel nips og dill og sånn

  
resultatet vert at kvart år veks haugen med julestas
og kontoen minkar


so i år investerte eg kun i nye kvite ljos te helgas adventsevent
og gjekk i skytjo etter resten
i allefall nesten

  
vedskio va litt krum i ryggjen
noko som kan gje eit intrykk av fart om ein er vennleg stilt
eg likar det faktum at den er unik
fins ingen lik


litt enkel pynt som luktar godt
litt hjelpt av ein limpistol
og adventstaken var i boks


relativt billig, naturleg og asketisk
slikt kan me lika

Ynskjer dykk ei fin adventshelg!

søndag 4. juni 2017

Summertime..



Herlege sommardagar har kome so perler på ei snor
nokre dagar med regn innimellom
men ikkje meir enn det både vi og naturen treng
te liv og arbeid
håpar de har ei god helg!





mandag 25. april 2016

Flowerpower


At eg er litt over gjennomsnittet glad i blomar
kjem nok ikkje som ei bombe


lenge har eg sikla på storblomstra tapet
men kvar skal ein ha slikt
det krev jo sin mann eller kvinna...


så eg har starta forsiktig
med ein liten vegg på det minste soverommet


og ja, eg elska da!

mandag 28. mars 2016

Dar mammo tok seg vatn øve håve..



i påskerebusen datra laga til opphavet sitt på påsekafta
var ein stad i huset kalla "dar mammo tok seg vatn øve håve.."
og ja da va ingen so va i tvil om kvar det var

vanlegvis kan eg gå og spekulera på saker og ting eg skal gjera
i åravis før eg gjer da
da har mest med tid og penga å gjera
og kanskje pittelitt med kva eg orka...
i påska hadde eg mange plana
og ingen hadde nåke med badet å gjera


 so va eg no på bade tidleg ein dag i påska
og irriterte meg grenselaust øve nåke maling so flassa
og var vorten misfarga

eg tenkte at eit nytt lag med maling ville berre gjere vondt verre
og ny servant stod ikkje på planen før neste år
eg pussa da ned! - tenkte eg
ferdig te nons
eller når sola går ned


ja kort fortalt er det enno ikkje ferdig
mesteparten måtte pussast for hånd sidan eg ikkje kom til med maskineri
me snakkar ein liten centimeter ned
og då eg kom ned dit
kom finèren fram
praktmøbelet fra urskogen importert via Frankrike
var vanleg skit eg kunne kjøpt kor so helst til ein brøkdel av prisen
no forårsaka tosidig senebetennelse i skuldrene mine..
- ja eg gjekk på meir enn ein smell i påska

Badet er i tenkeboksen enno, sånn halvferdig..
men eg fekk malt ein vegg på soverommet vårt
den er eg veldig nøgd med
og snart kjem tapeten i posten
håpa da ikkje vert endå ein stad
- dar mammo tok seg vatn øve håve...

tirsdag 8. mars 2016

Stillstand


Det har vore stille på bloggen i det siste


Ikkje heilt utan grunn
influenso har kome i hus
og tek sin plass og si tid..


men bordet vårt vart no ferdig
og det er me veldig nøgde med


faktisk so nøgde at me skal i gang med heimalaga skrivepultar
på kontoravdelinga :)
på loftet


gamle plankar på nytt understell
bordet er breidt og godt
og med veldig mykje sjel

(de finn meg og på Instagram som @rammealvor)

fredag 30. oktober 2015

Inne og ute

 

Ein kan kanskje ikkje unngå å leggje merke til
mangelen på bilder frå innsida av huset vårt
siste halve året
ikkje utan grunn..



eg har firt på krava te orden
og leve herrens glade daga
med ein travel familie
ute ryddar Vår Herre så fint
i allefall her på landsbygda..



kanskje e da lettar å kompostera
ei bjørk og to
enn tomme brusflaske
og ipadladarar...

mandag 26. januar 2015

Solspeil GDS


Når eg fyst snakka om ting so tek grusomt med tid
så fell dette innlegget seg fint inn i rekkja
Dette vart påbegynt so tidleg som i 1867 for å vera eksakt
For meg begynte da fyrst litt før jul
Eg hadde forleska meg heilt i slike solspeil 
eller sunburst mirror so da heite på fint
eg har sett dei på nett og i glansa magasin
og med hånda på hjarta
må eg sei at eg syns dei e fine
og forferdeleg dyre

so då me me gjera da sjøl

Og eg er ikkje den fyrste so gjer da
her kjem min variant


Fyst tok eg ei gamal
intertning te å ha i gangen
på hybelen
eller rettare sagt
eg hadde den i gangen
på hybelen
eingong på åtti-talet



og te solstrålane
eldgamalt materiale
handhågga
på 1800-talet
far min fann dei då han reparerte taket på løa
1867 er hogga inn i ein av dei
far min tenkte ikkje så mykje over det
og saga dei fint opp i korte fjøler til å fyra i ovnen med
og fyrte med dei gjorde han
men heldigvis fekk eg fekk redda nokre få

eg var ikkje på jakt etter sylskarp presisjon og  symetri
som dei fleste solspeil er bygd over
her vart det meir å la det verte som det vart 
med da eg hadde av treverk
kunne jo ikkje gå tilbake til håndverkarane
og be om meir...


eg flisa dei korte fjølene opp og limte dei på speilen
med ein liten limpistol
fyrste resultat var nett slik eg ville ha det


solspeilet er ikkje i gull som dei orginale ofte er
men gammalt treverk har no si eiga ustråling



som datra sa
"perfekt å ta strålande selfies i"


Slik kan eit hybelmøblel frå åttitalet
og treverk frå 1800-talet
verta nett da eg trengte
i stova mi i dag


heilt gratis
fø meg i allefall..

tirsdag 20. januar 2015

Eklektisk


Det hender ikkje noko dramatisk i heimen
eller interiøret for den saks skuld


Eg satsar for fullt på den eklektiske stilen min
minimalismen gav eg opp for
lenge sidan..



onsdag 10. desember 2014

Klok av skade

 

å kalle meg ein interiørbloggar er vel å dra det litt langt
men det har heilt klart vore eit tema i heimen
sidan ein av ungane kjem heim
med jolapynt laga på jolaverkstad


og klaskar pynten bestemt ned på bordet med dette klåre utsagnet:
Denne engelen har eg laga og eg forventar at den skal stå framme!

med til historia høyre det at den er nesten halvmeteren høg
og laga av gamle reklameblader


mandag 22. september 2014

Interiør og sånn


Eg har lenge tenkt eg skulle blogge noko innifrå
eit ferdig vaskerom
litt dill her og der


men sanninga er at eg orkar ikkje rydde so vel
at det skapar inspirasjon i staden for depresjon hjå sjåarane
så det får verte med pittesmå glimt
av alt og ingenting
eit lite bel til


torsdag 11. september 2014

Fargelaust


Tenkte eg skulle prøve meg på eit slikt fargelaust og nedtona interiørbilde
og oppdaga at kaos og fargesterkt kjøkkenrot
fall fint inn i fargetonane
og alt verka meir velorgansiert
og ikkje minst fredfullt..
..og då kan de berre tenkja deko te korleis det eigentleg ser ut...

fredag 2. mai 2014

Innomhus


Skjer da ingen verdens ting
men da ligg eit voldsomt prosjekt på vent
i gongen står eit tomt fryseskåp
og i garasjen ventar delar av eit vaskerom

onsdag 6. november 2013

Etruskisk dill


Eg simpelthen elskar skuggeguden min og 
den etruskiske hesten i bronse som eg kjøpte i Volterra i sommar.
Kanskje litt av same draget som Mailegnissane når eg tenkjer meg om..
men dei har kanskje heilt den same kulturelle tyngda..
Fint på hylla i allefall..

tirsdag 5. november 2013

Litt farge i kvardagen


..personleg stil kan ein vel kalla det ..

mandag 28. oktober 2013

Lite



Det skjer lite på interiørfronten her for tida
Einaste som skiftar er blomane
og årstala...


søndag 20. oktober 2013

Fonds



Ein dag sa EKTEmannen
- me burde spara meir i fonds

Nokre daga seinare spurde eg
 - om detta inhouse-oljefondet
kanskje kunne tenka seg 
å investera
i nokre fine designerstola?

- ja etter da har investert
i hytta med båtplass
og jaktrettigheita...

og sånn går no dagan..
:D

lørdag 19. oktober 2013

Interiørmessa i sø byd'n


I dag kara me oss te byd'n og fekk eit glimt av interiørmessa i Greighallen
Da va mykje folk og eg vart fort litt svett
Mykje fint
men ikkje noko
overraskande
eller sjokkerande
eller for den saks skuld provoserande
men da skulle da kanskje ikkje vera
da e vel kunsten so skal vera da
ikkje interiøret...

eg vart no likavel inspirert
og for sporenstreks og kjøpte meg
nokre plantar til..

Øve her ser de Mo då me kom heimatt
te da trygga og da
kjente..



fredag 11. oktober 2013

Behind the scenes



No har da vore endå meir skriverier om utbrente kvinner som knekk under presset frå styla interiørblogga 
og andre liknande forventningar til jobb, hus og ikkje minst ...
vakre og lukkelege born.
Før har eg fnyst litt av det for eg skjønar at dei ferraste har det plettfritt til ei kvar tid


men kanskje ubevisst legg me eit press på oss sjølv
for eg kan finna meg sjølv, grinande under gangtrappa
frå tid til annan
fordi eg ikkje klarar med alt sånn so eg skulle ynskt
og kanskje minst av alt huset
og husmorstoltheita so implodera med eit kort "iiiiik"
 når gjesta dukka uventa opp..

God helg!