Det er ikkje lett å leva opp til all verdas forventningar for tida. Ein skal lukkast på alle felt, og felta fins det mange av. I dag var det laurdag og "mor" skulle til pers.

Medan ungane var ute og leika i snjoen, fyrte eg opp i ovnen og la planar om kjekke stunder rundt kjøkkenbordet med glade barn, godt i stand, med epleraude kinn etter timar i akebrekko, tyggjande på enorme, heimelaga, ostehorn og brunbarta etter store koppar heimalaga kakao. Takksemda og kjærleiken til mor si skulle berre strøyma ut i rommet og fylle heimen med latter og harmoni...
(kan eg ha sett det på ein svensk film eingong?)

Men då eg ropa dei inn med forventning i stemma, vart dei flakkande i blikket. "Eg likar ostehorn så godt at eg kunne tenkt meg å spara min" sa den eine. " Ja, dei ser kjempegode ut, men er litt..... mett" sa den andre. Sanninga var at nabomora eller nabofaren hadde kome fyrst i mål denne dagen, og hadde servert tomatsuppe og kakao med marshmallows UTE I AKEBAKKEN..... umogeleg å toppe det...
Om maten vart servert på PIP? Nei , berre for deg...berre for deg :)
God laurdag!