NIB spør om personlegdommen min viser seg i gongen vår?
Svaret er ja om det er sider som kaotisk, slurvete,"innhald framfor form" og skylappar framfor augene som kjem fram.
Slik ser gongen vår vanligvis ut
Det handlar om plass
det handlar om bruk
og dårlege løysingar som eg ikkje kjem meg ut av
og pittelitt personlegdom i ein krok
so i dag tok eg meg tid og rom og laga min eigen gong
eller ein liten del av den
utan å stette andre sine behov enn mine eigne
Ein bit av ein gong
berre min
herleg!
då folk kom heim høyrde eg
ka i all verda har hendt her då?
og no i kveld
absolutt ingenting
no er alt som det var i går
og i fjor
og året før det igjen..
Så dette er svaret på juliutfordringa hjå NIB, altså båda ja og nei og nokre minuttars styling av litt personlegdom.
og skoa?
Ja dei har eg kjøpt kjempebillig på Brandos...
for no er det vel Hunter so telle..


































