Viser innlegg med etiketten Galskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Galskap. Vis alle innlegg

torsdag 30. november 2017

Innkjøpsstopp



Når jula nærmar seg har eg ei lei tendens til å gløyme alt eg har kjøpt
til tidlegare juler
det er som eg ikkje eig noko
te pynte med til jul
eller at det eg har er så skralt eller so lite


så difor har eg jo einlei tendens til å leggje att etter meg nærare eit halvt statsbudsjett
i butikkar som sel nips og dill og sånn

  
resultatet vert at kvart år veks haugen med julestas
og kontoen minkar


so i år investerte eg kun i nye kvite ljos te helgas adventsevent
og gjekk i skytjo etter resten
i allefall nesten

  
vedskio va litt krum i ryggjen
noko som kan gje eit intrykk av fart om ein er vennleg stilt
eg likar det faktum at den er unik
fins ingen lik


litt enkel pynt som luktar godt
litt hjelpt av ein limpistol
og adventstaken var i boks


relativt billig, naturleg og asketisk
slikt kan me lika

Ynskjer dykk ei fin adventshelg!

tirsdag 31. oktober 2017

Hallow!


ja so var me her att
Halloween eller "hallo venn"
eller kva det no kallast i Noreg
Mange meiningar
mange likar ikkje den skumle biten


eg personleg er open for morro
men har respekt for dei som ikkje er det
litt karneval og gresskarmorro
tenkjer eg me øveleve


fø da mesta vert jo ganske ufarleg
i dagslys...




fredag 13. september 2013

God helg!


I dag vil eg gratulere alle på arbeidsplassen min
med kåringa til "Best i Test" i PCWorldNorge
for 4 året på rad
i kamp med store internasjonale aktørar
for vårt økonomisystem
Alltid kjekt
med lønn
for strevet!

onsdag 13. mars 2013

To små steg fram og eitt digert tebakars


I dag har eg hatt fri. So då måtte eg male litt tenkte eg. Fyrst malte eg kjøkkenbordet lysegrønt. So sa dotra at ho heller ville eta på golvet før ho åt på da lysegrøna bordet. Tiraden kom akkompagnert med " Du gjer no alltid nett so du vil med interiør og sånn, du spør aldri om me syns da e greitt!!!

So va da berre å mala da kvitt og visa at eg høyrde etter. Men etter ei stund viste da seg at malinga berre flassa av. So måtte eg fjerna den. Riva av 4 lag maling....og vips etter 9 tima var eg tilbake til utgangspunktet...sånn gjekk den dagen...

Koppane på bildet har ingenting med detta å gjera. Dei har eg arva og dei er eg veldig glad i.

lørdag 20. oktober 2012

Dagar...


Å feire fødselsdag er sunt. Statistikken viser at de som feirer flest fødselsdager, også er de som lever lengst. 
LL

onsdag 17. oktober 2012

Vente på Godot

torsdag 19. april 2012

Same old, same old, but new...

 

Nokre gonger kan ein høyre folk seie at dei er heilt galne etter noko eller nokon. Som oftast betyr det at dei lika noko eller nokon sånn litt over gjennomsnittet. At dei har fått noko slek litt på hjernen, utan at det har teke over alt vitet. At ein framleis faktisk kan tenkje på andre ting også. Men nokre få gonger betyr det berre akkurat det orda seier, at ein er galen. Slik på verkeleg. Slek sprutande galen.

 

Eg hadde ein blogg som eg var både nøgd med og glad i. Fire år, over 1000 innlegg og 500 følgarar. Den måtte eg stengje på dagen når ein slik sprutande galen ein fann den.

Da fins inviterte gjesta og so fins da ubedne gjesta. Slike ubedne gjesta so ikkje kan la nåke vera i fred. Sleke so riv ned og knuse ting heile tida. Slike so nektar å gå heim og so okkupera heile huset ditt.

Nokre gonga må ein beint selgja huset og flytta for å få fred for slike ubedne gjesta. Og no har eg gjort det. Flytta. Bloggflytta til eit nytt nabolag. Startar heilt på nytt og kan aldri nevne staden eg budde før... alt som kan googlast av godtfolk kan også googlast av dei som er sprutande galne, internetten skil ikkje på slekt.


...nokre gonga è da heilt greitt å begynna på nytt. Og eigentleg tykkjer eg det er det denne gongen også.

Kanskje saknar eg alle bileta mine litt, dei kan eg ikkje ta med sidan dei er spredd og pinna over heile internetten under det gamle bloggnavnet mitt. So det er berre å bretta opp armane (heiter det verkeleg det?) og knipse i veg.

Følgarane mine saknar eg også,  og dei faste lesarane.... heldigvis veit eg kvar eg kan finna dei

Håpar du kan trivast her i detta huset mitt også og legg gjerne att ein kommentar, då vert eg glad!