torsdag 19. april 2012

Same old, same old, but new...

 

Nokre gonger kan ein høyre folk seie at dei er heilt galne etter noko eller nokon. Som oftast betyr det at dei lika noko eller nokon sånn litt over gjennomsnittet. At dei har fått noko slek litt på hjernen, utan at det har teke over alt vitet. At ein framleis faktisk kan tenkje på andre ting også. Men nokre få gonger betyr det berre akkurat det orda seier, at ein er galen. Slik på verkeleg. Slek sprutande galen.

 

Eg hadde ein blogg som eg var både nøgd med og glad i. Fire år, over 1000 innlegg og 500 følgarar. Den måtte eg stengje på dagen når ein slik sprutande galen ein fann den.

Da fins inviterte gjesta og so fins da ubedne gjesta. Slike ubedne gjesta so ikkje kan la nåke vera i fred. Sleke so riv ned og knuse ting heile tida. Slike so nektar å gå heim og so okkupera heile huset ditt.

Nokre gonga må ein beint selgja huset og flytta for å få fred for slike ubedne gjesta. Og no har eg gjort det. Flytta. Bloggflytta til eit nytt nabolag. Startar heilt på nytt og kan aldri nevne staden eg budde før... alt som kan googlast av godtfolk kan også googlast av dei som er sprutande galne, internetten skil ikkje på slekt.


...nokre gonga è da heilt greitt å begynna på nytt. Og eigentleg tykkjer eg det er det denne gongen også.

Kanskje saknar eg alle bileta mine litt, dei kan eg ikkje ta med sidan dei er spredd og pinna over heile internetten under det gamle bloggnavnet mitt. So det er berre å bretta opp armane (heiter det verkeleg det?) og knipse i veg.

Følgarane mine saknar eg også,  og dei faste lesarane.... heldigvis veit eg kvar eg kan finna dei

Håpar du kan trivast her i detta huset mitt også og legg gjerne att ein kommentar, då vert eg glad!

10 kommentarer:

  1. Kjære søte snille deg! Du er den andre av mine medbloggerar som eg har høyrt oppleve slikt.
    Det er vondt!
    Takk at du kom innom slik eg fann deg!!!

    Den største klemmen ♥

    Ja, her vil eg trivast!!

    SvarSlett
  2. jeg VET kjære du..tenk at du kan skrive SÅÅÅ vakkert om noe såå gale!!
    Det kan bærre du !! Klem

    SvarSlett
  3. Huff, så leit at du måtte gå gjennom dette!
    Det er alltid noen som skal ødelegge, skjønner
    ikke hvorfor da? Er det noen som har pinnet
    bildene dine uten lov? - hva har skjedd?
    Har ikke hørt om noen slik som Sigrid skriver
    over her jeg... Er det ikke noen man kan gjøre
    hvis f.eks dette skjer meg? Er det noe man
    kan gjøre for å sikre seg bedre - oj det ble
    vist mange spørsmål her... :)) Jeg følger deg
    i alle fall her, en av mine favoritter ღ EVER
    Gleder meg uansett til vakre bilder og til å
    følge deg videre fremover ღ ønsker deg en fin
    fredag og helg som kommer - stor klem fra Mette

    SvarSlett
  4. Stor klem frå "Litlafjæro" - eg følgjer deg alltid:D

    SvarSlett
  5. Så utruleg trasig!! Eg gler meg i alle fall til å fylgje deg vidare!

    Stor klem! ♥

    SvarSlett
  6. like ikkje sånne folk !!

    men e no glad du orke å fortsette !
    klæm og gratulerer : )

    SvarSlett
  7. OMG... er det mulig sier jeg bare. Men jeg skal selvfølgelig ikke skrive noe som helst som knytter den ene til den andre, men håper du knipser nye bilete av den fine uteplassen under glas som du har laget deg. STOR KLEM

    SvarSlett
  8. Drøyt..!! Har ikke helt ordene.. Følger deg i bratte bakka!

    stor klem

    SvarSlett
  9. Stå på klem M.

    SvarSlett
  10. TAKK for at du fortsetter å blogge!!! Du er mitt STORE blogg-forbilde!!! Tenker på deg og dine!!! Klem

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.