fredag 13. april 2012

Meiningslaust

Yngvar Andresen meiner at det er meiningslaust å nekte seg karbohydratar. Noko han sikkert har heilt rett i og derfor laga eg meg den herlege müslien eg fann oppskrifta på i artikkelen de kan lese her.

 

No må de ikkje gjere som eg gjorde. Durde i veg og då eg endeleg tenkte at eg burde ha lese oppskrifta, var det for seint. Både linfrø og opphakka aprikoser var komen i blandinga som var på veg i ovnen. Eg gjorde mitt beste for å plukke ut i allefall aprikosane og tenkte med meg...kor gale kan det no eigentleg gå? Og jau, det kan gå verkeleg gale! Aprikosane reagerte ikkje rett bra på varmen, snart hadde eg gyllen müsli med bitar av svidd gummi. So var det berre å plukke i veg...ingen angretast i røynda desverre...tok meg litt tid... ..og syns de det vert for mykje mat så er det fordi me har "mat" som tema i fotoklubben denne månaden og ei pakka blåbær varar nestan evig... God sundag!

1 kommentar:

  1. Fy søren, du tar verkelig nydelige bilete! har også laga min eigen müsli, men den er ikkje heilt optimal sånn reint smaksmessig... trur kanskje eg lyte gi denne ein sjanse - og sjølvsagt utan aprikos før eg set den i ovnen ;)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.