søndag 28. februar 2016

Då var helga over


eit hav av tid
ligg bak
ny veka framom
God ny veke! 

fredag 26. februar 2016

Sånn går no dagan


Livet tuslar vidare
me snjoar litt ned for tida i Hakkadalen


Sidan eg er avhengig av blomar
kjem nye i hus så snart forrige bukett har visna ned



Litt strikking vert det tid til
verre med montering
eg lid av monteringsvegring på eit høgt plan


småpipsane må få mat


og me held på med eit bordlagingsgjerdetsjølvprosjekt
som snart er ferdig 
og eg er veldig nøgd med da nya kjøkkenbordet
berre da at da ikkje passa så godt på kjøkkenet
så då må da vel kanskje skiftat ut
kjøkkenet altso....
:D


onsdag 17. februar 2016

Lite kan gleda stort


for litt over ei veka sidan
var eg i byd'n og kjøpte meg 7 knallrosa
ranunklar


og dei har gleda meg og mine
kvar dag sidan
friske blomar
er nesten som oksygen for meg


må ha det
berre må ha det..



tirsdag 16. februar 2016

Etterpåsmartass



Eg har nok i åras løp smilt litt skeivt
tå desse damena
so bala so fele på med desse konfirmasjonane
..at da e mulig?
har eg vel kanskje tenkt..

 

kan no ikkje vere so vansjele?
men no e da jo sjølvsagt min tur..

 

og utfordringane og fallgruvena
står liksom i kø
da indra stresset held på å danna seg som ei mørk sky i horisonten
så eg lure jo på ka gjorde du?
om du har bore ein unge eller to
fram til konfirmasjon :)

søndag 14. februar 2016

Morsdag


I dag vart det kake rik på smak og litt mindre på sukker og mjøl
kraftig kost til mor i heimen og mor i heimen si mor
fin avslutning på ei solrik helg


ynskjer alle ei god ny veke


fredag 12. februar 2016

Litt farje tè helje


endeleg fredag
eg veit da e ein klisje
men akkurat i dag
e da og heilt sant
god helg!

søndag 7. februar 2016

Noreg i svart og kvitt


akkurat no er me inne i ei tid
som er heller grå og fargelaus


sjølv om bilda ser ut som dei har vore gjennom eit svart-kvitt filter
så er dette desverre røynda i dalen for tida
vakkert på sitt vis

mandag 1. februar 2016

Linsepus


humøret til pus kjem seg
litt leik og morro
og snart heng ho på 
alle stader vi er



eit lite fotoshoot i vinterlyset
av ein favorittvase


og ein gamal skulestol
fredfult stilleliv
ein mandagskveld