fredag 29. april 2011

Kor i all verden?

Er eg no...
Published with Blogger-droid v1.6.5

torsdag 28. april 2011

Beste middel mot sne...








































Hermed hylder jeg uten forbehold VÅREN som det eneste effektive middel mot sne!

André Bjerke

onsdag 27. april 2011

Våronn i hagen

Eg startar opp med dei kjekke bileta i dag. Kvitveisen blømer i brekka og den måtte få pena seg i ein kopp frå GG i dag under utelunchen.



I går sat eg lenge og kosa meg i bloggen Claus Dalby - mit haveliv og drøymde meg bort. Slik vil eg også ha det. Difor gjekk eg på med dødsforakt og la grunnlaget for eit vellukka hageliv.




Skal det være en ferdigkompostert hekk, eller ei borkfri Hurdalsrose? Skadene i hagen var større enn fyrst antatt. Heile hekken er ferdigkompostert og må, om mogleg, kome att frå rot. Store staudetuer med lupiner og hestemynte er totalt oppetne. Eit heilt fjellstaudebedd er utradert. Alle hurdasrosene mine, 20 stk er borka 40- 60 cm opp på stammen. To frukttre er ferdige i dette livet...






Ja,ja, skal ikkje plage dykk meir med dette. Det beste er å fokusere på det som er bra, og det gode er at våren den kjem, med eller utan musefest :)


... og i morgo skal da syklast til arbeid!

mandag 25. april 2011

Påsketur...

Gjekk til vakre Haugesund, der var våren på fullt firsprang inn i sommaren. Tok med nokre øyeblikk derifrå.


Her heime er NESTEN all snjoen borte frå hagen. Eg har sett kvitveis på veg i blom. Bakkane er brune og bedda er livlause. Men det kjem, det kjem. Heile dagen i dag har vorte brukt utandfor med vårsysler på både terasse og plen. Badar nok ikkje heilt enno her i Hakkadalen, men våren har banka på her også denne påskehelga. Takk og lov for det. Seks månader med snjo har tært like mykje på psyken som på naturen, no er me veldig klare for sol og sumar!

søndag 24. april 2011

Då var det snart over...

Me skulle på tur. PC-en var pakka og klar. Påskebileta låg klare på harddisken. Då me kom heimat stod PC-en framleis i gongen og påska var nesten over.




Ei herleg påske denne gongen. Varmt og nydeleg ver. Gler meg til å setje meg ned og lese kva som har hendt rundt om kring i Blogglandia. Enno er det ein dag att...

onsdag 20. april 2011

God påske!

Veit ikkje korleis det er med dykk, men no er mine marsipanegg snart ferdigklekt...



God påske!

tirsdag 19. april 2011

... g u l t ...


... kva skulle vel gult ha gjort utan påsken?..og visa versa...

mandag 18. april 2011

Påskeegg..

er no mangt. Er framleis i frukost/brunch modus og viser noko lekkert eg fann i siste Maison Mat og Vin. Egg og Bacon i ein operasjon. Dekorativt på brunchbordet.



Legg litt brød i bunn av ei muffinsform. Forsteik baconskivene litt fyrst på steikepanna, legg dei så rundt kanten av muffinsforma (må ikkje vere sprøsteikt) Riv litt ost over. Skill eggeplommen frå kviten og legg kviten på fyrst. Legg eggeplomma på til slutt og still i steikeovn på 180 grader til du får den konsistensen du ynskjer deg.

Mine vart ikkje så veldig estetiske, eg hadde dei litt lenge i ovnen, men det er her dine evner kjem inn :) Dei smakte i allefall kjempegodt.



Bon Appetit!

søndag 17. april 2011

Palmefrukost - the manual..

Då eg lagde forrige innlegg hadde eg ein omfattande ide om også dele med dykk både oppskrift og framgongsmåte. Det fekk eg ikkje tid til då tida heilt plutseleg begynte å renna ut...og heile familien skulle på middagsbesøk. So eg prøver igjen.


Oppskrifta er nokre mjuke brytebrød som eg har laga i åresvis, sidan oppskrifta er veldig enkel og kjapp å lage, på morgonskvisten før resten av huset kjem seg på beina.

Ca 7 dl kveitemjøl
2 ss sukker
1 1/2 pk tørrgjær (eg bruker 50g vanleg gjær)
3/4 ts salt
2 dl varmt vatn, 45 - 50C ( eller 38C om du bruker vanleg gjær)
2 ss olivenolje
1 egg

Bland gjæren med veska og egget. (om du brukar vanleg gjær) Bland så i det turre. Deigen treng ikkje forheva, men har som alle deigar godt av 10 min i ro og fred. Rull deretter ut rundstykker, eller trykk den ut i ei lita langpanne om du vil lage brytebrød. Då snitter du opp deigen i 16 biter med ein skarp kniv.


Eg vel nokre gonger å kjevle deigen ut til ca 1 1/2 cm - 2 cm og bruke julebakst utstyret og lage passande hjarterundstykker. Dekorativt og litt kjekt også.

Etterhev i 20 min. Steik rundtykka på 225C midt i ovenen ca 15 min. Du kan sikte litt mjøl over dei før du set dei i ovenen. Dei skal vere litt hule i lyden når du bankar forsiktig på dei.



I dag stod eg tidleg opp for å få desse i ovnen kjapt. Sure miner vart det av familien då dei måtte ete frukost i herleg dagslys sidan eg skulle ta bileta mine. Eg måtte hastig avslutte fotosesjonen. Dei foretrekk heilt klart påskegult lys levert av Hakkadalen Kraftlag.....

Palmefrukost

...