lørdag 31. mars 2012

Då va Pip vesko komme seg vel heim...

Eg fall for freistinga og tinga meg ei Pip Studio veska hjå Maleriet fargehandel. Ho skulle vera herleg turkis og eg har gledd meg til ho skulle komme.

 

Ho kom i dag og var nok hakket meir turkis og grøn enn eg hadde sett for meg, men du verda kor herleg det er med så mykje farge og so mykje glede på ein gong!

 

Perfekt på ein laurdag!

fredag 30. mars 2012

...gult er...

..gult?  Gulfargen som me ofte assosierar påska med er ei so stor utfordring for meg, at påskepynting har vorte ungått. Då rekk det med ei krukke løkplantar på terassen.

 

..men ei utfordring er til for å takast i ferd med....og eg begynnar no...litt forsiktig...

Ellers så har fått ei anbefaling på ei russisk side (trur eg) Toys+Things og har i løpet av kort tid plutseleg fått mange nye fylgjarar. Da e veldig kjekt og velkommen til alle. I tillegg må eg takka for alle herlege kommentarar eg får frå ein del dykk. De è so greie!

God helg!

torsdag 29. mars 2012

Sol i hjertet...

Eg har motteke ein del klager på mitt sure oppsyn etter at våren og sola pakka snippsekken og gav plass for nysnjo og frost. Eg veit eg er sur.... men eg jobbar med det...



...difor vert bildet i dag av den lukkelege og vårlege sorten....for å visa akkurat da...
..at eg jobba med da.... oppsynet og innstillinga.... og det å akseptera at eg eg vestlending på godt og vondt...

onsdag 28. mars 2012

...skal...skal ikkje...

I fleire dagar no har eg planlagt å male drivhuset på innsida... men eg kjem slik i tvil. Dei gamle vindaugene er so flotte slik dei er...shabby og velbrukt...

 

Eg veit at heilheita vert finare om eg malar alt. Eg veit at eg forlengar levetida til glasa om eg hesjar dei saman med husmaling. Likavel trur eg ikkje at eg vil...

 

Ka de sei?

tirsdag 27. mars 2012

..på jakt etter energi...

Eg skulle mala drivhus i går etter jobb. Eg havna på sofaen. Skodda låg djupt i dalen, regnet var kome att.
Alle energi var borte....



...i dag måtte eg i bildearkivet etter inspirasjon....og eg kjenner at raud er ein god farge.....

mandag 26. mars 2012

...gleder....







lørdag 24. mars 2012

Morgonkaffi på terassen..

   
   

Ekstra kjekt var det då eg fekk selskap av både fugle og ekorn.

fredag 23. mars 2012

....ingen ungdom lenger...

Då disen for og sola kom fram, tenkte eg at eg skulle rydde terassen for snjo og pynte litt der. Eg henta kameraet for å ta "før" bilder. For dei kom til å verte ganske ansleis enn etterbilda....

 
Jommen sa eg smør. Eit spatak med snjo og eg knaka i samanføyingane. Etter fire skuffer snjo flytta frå terassen kom eg fram til at dette var arbeid for karane. Etter litt fundering måtte eg innsjå at eg kjende i allefall 5 kvinnfolk på min alder og eldre som hadde rydda terassen i ein fei og aldri nevn nåke so helst om da. So eg henta snjospaden fram att og sette i gong. Etter ein halv time og ein og ein halv kvadratmeter mindre snjo måtte eg berre gje meg. Ikkje anna å gjera enn å setja seg ned med ein kopp kaffi og slikka sine nederlagssår...

 

Som de ser, før og etterbilda er skremande like. Og resten av dagen har eg berre sjangla rundt og ikkje evna da minsta kroppsarbeid. Skremande....

 

....jaja, bra eg veit å kosa meg då, med da eg har........

God helg!

Vårlengt...

  


torsdag 22. mars 2012

...humle...

Jula er no ein ting. Den kjem ofte litt fort på kjerringa. Men påska, den tek innersvingen på meg uansett kor sein den er. I år er den tidleg og det seier vel alt.

 

So mens eg prøver å gjere meg påskeklar, spirar nysåingane so flott i pluggboksane sine. Utan om ein. Holmla...eller Humle som det kanskje heite på fint. Eg fann ein frøpåse med ei slags homlefrø og vart so veldig, veldig glad.

 

Men den vil ikkje spire. Så då lurar eg på om det fins nokre hagegale eller hageglade som kan gje meg litt råd om kvar eg får tak i slikt frø...og evt. om eg har gjort noko gale for å ende opp utan ein einaste spire...

...eg vert veldig glad for tilbakemelding på homle/humle problemet mitt...

onsdag 21. mars 2012

..bonus..

Etter å ha vore veldig sikker på at i dag var torsdag, var det faktisk litt kjekt å finne ut at det berre var onsdag..

 

..so no lurar eg sjølvsagt på kva eg skal fylle denne ekstra dagen med.....

tirsdag 20. mars 2012

Pipkasse..

Alle veit vel etterkvart kor glad eg er i PIP-serviset mitt. So då far min kom med ein svart postkasse og ville ha litt farge på...vart det PIP gitt.

 

Far min er ikkje heilt inn i svart/kvitt trenden so han gav meg frie tøyla med den allereie ganske kule postkassen. Fritt etter Eijffinger.... lukkelege former for lukkelege folk...


mandag 19. mars 2012

Mars er enno ikkje mild..

I dag vakna me til snjo. Da va veldig tåssje og eg veit og at denne bloggen snart kan melde seg inn i Norske Værbloggars forening...  Trur kanskje når ein bur litt verhardt til...vert ein vàr vèret.... :D



Interiørmessig har eg gje på grunn. Ikkje noko investeringsvilje i heimen, og alt er som det var i fjor på denne tida...og i forfjor... Har mange idear og lyster...men lommaboka held ikkje heilt mål.... i allefall ikkje i samband med designtrenden som rir landet. No kan ein fint klare seg med mindre, det er verkeleg sant...levestandaren må ned seie dei rike....gler meg til dei skal gå framfø med eit godt eksempel....

No også med i NIB sin fargeutfordring..

God mandag!

søndag 18. mars 2012

Same old, same old...

..but different...



..i dag deltar eg i stilleben konken hjå øyeblikket.net - tema interiør...





lørdag 17. mars 2012

Laurdag er laugedag...

men eg lauga i går...so i dag har eg fri!!!....i allefall nesten ..

 

..da vert ein stille laurdag...

 

...herleg!
(..og har me litt flaks kjem da eit nytt innlegg frå Emmeline også)

fredag 16. mars 2012

Heimalaga....

No abonera eg på allverdas matblad. Kjøpe kokebøke og sit og siklar over sweet paul sine magasin. No va da på tide å laga nåke tå da so va i desse bla'e.

 

Testa ut heimalaga tortillaschips og "guakkamole" (so da heite på nynorsk)

 

...smakte fortreffeleg! Oppskrifta fann eg i Maison sitt matblad....og ja de kan og sjå restane tå ein sweet paul pai...god den og.

God fredag!

torsdag 15. mars 2012

Less is less..

Skulle dekke bord til ein liten samankomst. Tenkte våren kunne vere tema. Oppdaga at minimalismen hadde teke vegen i lintøyskåpet også. Ingenting eg kunne pynte med, ingenting med farge på...

 

Ikkje mykje vårblomar å plukke inn fra hagen heller. Desse klipte eg rett fra potta.

 

... so no skal eg jammen meg shoppe litt....faktisk! :D....når eg ein gong kjem meg tè Byd'n.