Viser innlegg med etiketten Bad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bad. Vis alle innlegg

torsdag 11. april 2013

Fråtsing



Dei som har fulgt bloggen min ei stund veit at det til tider har vore mykje mat her. 
Men som ein del og veit, "a second on your lips, a lifetime on your hips". 


So alternativet då er å finne andre måtar å nyte "livet si uutahaldelege lettsemd" på. 
Spa eller eit herleg bad er ein fin måte å belønne god framferd på, 
og god framferd kan gjerne i denne samanhengen vere å ikkje fokusere så mykje på mat... :D


Bon Appétit!



fredag 5. april 2013

Ha det på badet....


..eller god kveld, din søte karamell, som er eit mykje finare uttrykk spør du meg.

Vinteren held fast og kulda vil ikkje gje slepp. Einaste kjekke med dette "uveret" er sola. Ho skin og ho skin. Heilt mirakuløst spør du ein ellers so regnvant vestlending. Men eg er kommen til det punktet der eg ville vald regn framfor sol....for å få snjoen vekk og våren heim. Ja eg veit det er som å banne i kyrkja og eg kjem til å angre tusen gongar når me sit der gjennomsiktige og lysegrøne eingong i sommar, på tredje månaden med regn og heilt har gløymd kor sola ser ut...

God fredag!

søndag 13. januar 2013

Kattevask..

  

God sundag!

søndag 7. oktober 2012

Eit kongerike for eit bad


Eg har vist fram badet vårt opptil fleire gonger. Eller eit av dei to me har. Dette er hovedbadet i 1 etg. I tillegg har me eit i 2. etg som ungane heilt rår over. Tidlegare her de fått sett servanten og vegen fram til slik den ser ut i dag. Alt om det kan de sjå i forrige innlegg.

Resten av badet vårt er ei heller billeg affære med dusjdører frå Netthandelen (rørleggjaren vrei seg i forakt då han monterte dei) badekar uten andre bobler enn dei du lagar sjølv, skåp frå IKEA og sjølvflisa golv og dusjnisje.


Rommet er realtivt stort og me har god plass og må på ingen måte ut for å skifte meining. Det eg er mest nøgd med er nok flisene på golvet. Dei har eg og mannen lagt heilt aleine. Han flisa og eg fuga, heile badet :D  På veggane er det våtromstapet som er mala i ein lys gråfarge.


Ellers er detaljer ofte det som set stemningen på badet...


Oppsummert. Er dette mitt drøymebad? Ja, med dei ressursane me hadde til rådvelde så syns eg at me gjorde ein god jobb.




lørdag 6. oktober 2012

BAD BLOTT TIL LYST

Då me bygde huset me no bur i var det ikkje etter lang planlegging og grundig ettertanke.
I kommunen vår får du 250 000 kr når du har bygd deg eit hus, rett på konto.
Og bur du der i fem år eller meir får du behalde pengane.


So huset vårt kom til omtrent slik: 
Ho: Dyr husaleige for å vere her på landsbygda. 
Han: Ja, skal me byggje hus i staden? 
Begge nikkar: Ja, dårleg økonomi å ikkje gjere det
Og så gjorde me det.
 Fort. 
Interiøret vart til litt etter kvart. 
Eg kjende til eit interiørblad og det var Bo Bedre, noko huset fekk fort erfare ;)

Badet var veldig dårleg planlagt. Ein dag eg sit på arbeid, kjem Mannen inn med mobilen på øyra og spør kvar eg skal ha vasken...og toalettet...og dusjen...og badekaret....me må bestemma oss der og då for røyrleggjaren stod i bygget og venta. Då vart det fingen i lufta...

So var det å finne rett møblering...


Og eg fann denne på nett og tykte den var utruleg flott. 
Fransk var den, heilt frå Paris (eller noko slikt:) kom den. 
Eg trur eg let meg lure av at den står der i skoddehavet med heile oceanet i panorama bak. 
Kan vel knapt seiast at den gjer det på badet vårt. 
Nei det vart fort litt meir trivielt der. Og verst av alt...den var i teak. 
Eg hadde tenkt eg skulle kjøpe den i wenge, men mista motet og valde teak. 
Skammar meg gjer eg og...


Ikkje fullt så visjonært i møte med oss og våre behov....kom liksom ned på jorda att fort. I tillegg var eine vasken allereie skada før byggearbeidarane forlet oss..

So no, 4 år etter innflytning pussar eg opp. 
Fyrst kjøpte eg nye speil frå Bohus, Nora, måtte male dei for dei hadde desverre feil farge...


Og i helga våga eg endeleg å gå laus på teakmonsteret.. og som mannen seier, det ser litt billeg ut etter malinga...men kva gjer no det så lenge me veit kva verdiar som skjular seg under...i allefall for indianarane og regnskogen.... Slik vart resultatet..





Betre enn før, og det er bra berre det....


Dette innlegget skreiv eg i 2009 og så var badet oppdatert til stilen som gjaldt i då. Få endringar har skjedd sidan, kanskje berre rydda bort dei verste Chabby chic elementa.... bilder av det kjem i morgon...

mandag 10. september 2012

Bad


Stig ein utomhus får ein seg fort ein ufrivillig vask. I hagen står ein vakker sommarfuglbusk og slit i motvind og regn. Eg tek den inn i små dosar og nyt den kvar gong eg tek meg ein tur på badet....inne..



mandag 27. juni 2011

Litt sånn på halv åtta..



Eg las at nåken hadde lært at me godt kunne by litt meir på oss sjølv sånn reint interiørkaosvis. Og ja, sidan ute er det nye inne, so er inne heilt ut...



... hjå meg.

onsdag 6. april 2011

Bad...

..for dei som ikkje vert våte nok av dette forfriskande vårværet kan eit bad verke forlokkande...



...arkivbilder...desverre :)

onsdag 27. januar 2010

Badedag





Litt inspirert av NIB sin biletekonkuranse der dei mest fantastiske bad har vorte vist fram dei siste dagane. Heilt utruleg flott og inspirerande. Hjå meg var det regn og i mørkaste laget for inspirerande fotoshoot, men den blå timen fekk eg no i alle fall med meg.