torsdag 28. februar 2013

Skøyteis


Her får de eit solrikt morgonøyeblikk. Slik er ikkje røynda i dag, regn og speilblanke vegar...me kom oss på jobb med livet som innsats..



onsdag 27. februar 2013

VossUp?


          


I dag har eg fått gleda av å verta guida gjennom mykje Voss, av ei ekta vossataus. Da va veldig kjekt. Da einaste eg kanskje burde styrt unna va fyst Danglo opp og so Dinglo ned på veg te og i frå Hanguren fø å møta resten tå dei respektive fameliane fø ein pitstop på utsiktsposten. Dei brukte dagen i Bavalen på ski. Tåskaskap, men eg øvelevde no heldig vis. Me avslutta dagen på Patina på Evanger og dar kjøpte eg meg noko skrekkjeleg flott som eg skal visa ein anna dag. På Patina fekk me verdens beste sørvis som vanleg.
Og alle va einig om at det hadde vore ein kjekk tur.

tirsdag 26. februar 2013

Sol og finale


Da e soldaga på vestlandet og kirsebærblomen min kom i x-faktorfinalen


..kan vel ikkje be om meir..


Frukost i det grøne


I går hadde eg fri og tok frukosten i drivhuset. Det manglar litt enno før det ropar vår der og. Store gamle ulltepper dekker murveggen for å halde kulda ute. I natt var vi nede i minus 10, da seie seg sjølv at vinteren ikkje har gjeve opp enno. Og ikkje eg heller...for statistikken viser at det er nesten 9000 år sidan siste gong våren ikkje kom, so da e gode odds for at han kjem i år....

mandag 25. februar 2013

Sol i glashuset

 

I går klarte eg ikkje venta lengre. Eg opna drivhuset for sesongen.

 

Bada i sol er det lett å få opp temperaturen, men i natt klarte ikkje drivhusovenen min å halde meir enn 10 grader. Eg veit eg er litt tidleg ute i eit uisolert drivhus, men tek sjangsen. Spiring er ikkje lett med så låge nattetemperaturer, men snart vert det plussgrader ute og då kjem det seg i drihuset og.

 

Det var heilt herleg å sitje inne i lag med blomane og sjå på snjoen som låg kvit og kald ute. No er eg verkeleg klar for vår, håpar han kjem snart..


Vert nok mykje herifrå i tida framover. No ventar eg berre på sola so eg kan ta kaffikoppen med meg ut der og nyte føremiddagen i lange drag.
God mandag!

søndag 24. februar 2013

Morgonstund

 

Eg har tilbrakt mesteparten av dagen i drivhuset, men før det fekk eg nyta formiddagssola i djupe drag då resten av gjengen for te Voss for å stå slalom... eller kva det heite(?) Skuldra mi gjev meg enno ei orsaking for å sleppe unna nedoverbakkekjøring. So eg har kosa meg, sjølvsagt i lag med PIP her i sola. 


Nokre gonger tenkjer eg at me må vere dei siste menneska på jorda som ikkje har ei eller fleire kaffimaskiner. Kvar gong temaet kjem på bane endar me opp med ynskjer som øveskrid lommebokvolumet og enden på visa vert kvar gong...at me framleis må laga kaffien vår på gamlemåten...

Dafø e detta innlegget og ein søknad i NIB si"finaste morgonstund" utfordring dar premien ikkje er ringare enn.... ei kaffimaskin. Eg er klar over at eg bør belaga meg på kokekaffi ei stund til for der var ein skokk flotte bidrag, berre sjå HER.

Glashusstemning


I dag er eg so lukkeleg fordi eg skal fyre opp glashuset for året. Huset er ikkje isolert så det vert ei kostbar affære (heldigvis har me Noregs billegaste straum), men eg klarar ikkje vente lengre. Om det viser seg at eg ikkje klarar halde oppe spiretemperatur, får eg ta plantane med meg inn, men eg håpar at vinteren veit han er gårsdagens nytt og at alle veit at våren er det nye kvitt...


Her ser det stemningar frå drivhuset i går, no skal eg ut og så....kjem sikkert bilder frå det seinare i kveld.
Tudeluu!

lørdag 23. februar 2013

Bergtatt


For å oppdatera litt frå gårsdagens innlegg, so håpa eg at ingen kom i forvillinga til å tru at eg faktisk måtte ta den tunge vegen til Riksantikvaren for å få tak i papira mine. Dama på HIB har nok blanda Statsarkivet med Riksantikvaren så det er no heldigvis eit par år att til sistnevnte vert aktuell..



Akkurat som med den overdimensjonerte lampa frå IKEA forelska eg meg i denne kvite kieramikkmugga. Eg kunne sjå kor vakker ho kunne verta på den svarte skjenken min ein gong i framtida. Og då måtte eg jo berre ha ho...

fredag 22. februar 2013

Oppmuntring


Fyrst vil eg takke for alle dei fine tilbakemeldingane på midlivskrisa som viste seg eit innlegg lengre nede, eg set uendeleg stor pris på slik ros, og for å visa at eg ikkje let meg vippa av pinnen av alderdommen tenkte eg at eg skulle etterutdanna meg litt på HIB no i haust.
Men fyst måtte eg skaffa meg nye papir på den eksisterande kompetansen som ved eit uhell har vorte borte på livsens landeveg. Enkel sak tenke eg, og ringte HIB og la fram problemet mitt...

- Oi, sa dama i telefonen...det er jo 11 år siden du ble uteksaminert fra HIB...
- nei, ikkje elleve år, svara eg...21 år... 
- OiOi! svara dama...da finnes de nok ikke lenger her...
- Ok, seie eg....kvar kan eg få tak i dei då? 
 -Nei, da vet jeg ikke annet enn at du får prøve Riksantikvaren...

Da seie seg sjølv at da vert ei heil flaska vin i kveld.... 
God fredag ungdom!


torsdag 21. februar 2013

Ikkje rett gavla...

Då eg rota i arkivet og fann dei gamle bilda frå då den nye sengegavlen kom på plass, gjekk det opp for meg at den GDS-en ligg på den stengde gamlebloggen og er tilogmed vanskeleg tilgjengeleg for meg sjølv. Sidan eg er ganske nøgd med den tek eg historia på nytt her idag.

     

Det heile starta med ynskje om eit mala golv. Når det viste seg å liggje litt lengre fram i tid, enn eg hadde tenkt meg, valde eg å prøve ut rekved-trenden. .

Det viste seg at far min hadde 15-20 år gamalt villmarkspanel på skukkjen, så valet fall på det. Breie fine bord og grei avslutning på gavlen. Panelet var ubehandla og uhøvla, så tre-fire timar med pussemaskin var nødvendig. Har ikkje kome meg heilt oppatt i rett etter den dagen...

     
       
      

To strøk med rekved(driveved)interiørbeis og gavlen vart ganske mørk. Mannen fekk cowboy tema med ein appelsinkasse og eit kyraskinn, og eg litt meir feminint, om dog ikkje mykje, med eit gamalt nattbord frå meir pietistiske tider..

  

Enno manglar det vesentlege, mala golv og ny farge på vegg og tak. Kanskje nokre nye lampar hadde vore kjekt. Eg er for det meste nøgd, og i allefall gjeld utsagnet...forandring fryder!

Og verken golv eller veggar er komne noko lengre i dag, men sengegavlen vart te røyndom og jammen er eg glad for det.