tirsdag 19. februar 2013

Min dag ligg dimøygd



Min dag ligg dimøygd ned mot vesterbruner,
ei svevnkjær kveldkjøld legg seg breidbords inn;
ei verd av vemod ol den skodd som uner
i alle augneleite, stig og finn
seg høge himelsengjer. Livsens runer
la avdagslit på ungdomsraude kinn -
d'er ikkje kveld med svevn i dvalne sansar,
d'er morgonmerg som i mitt auge glansar.
Å kom til tuns, de solblå vårdagsminne,
eg gjev dykk gjerne alle gjesterom;
for her hev butt ein syskinflokk her inne
bak døkke fyreheng; det sym ein om
av brotne røyster mot den skuggestinne
svarttjelda himling i min sjæledôm.
Løys av, løys av dei tunge fødslerider
fyr nye sumrar, nye skapningstider!

Olav Nygard


3 kommentarer:

  1. Eg elskar slike dikt. Eg skjønar ingenting, men orda i seg sjølv er så flotte!

    SvarSlett
  2. Når ein gjev seg tid med orda og tekstane gjev dei meinig og er i grunnen utruleg dekkande for det han vil visa oss.Visste vel nesten ikkje ar dei orda fanns.flott at du la diktet ut.M

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.