lørdag 31. oktober 2015

Zombiekrekse


Då var halloween over oss igjen
og litt morro har no ungane hatt
med fest for alle og flotte kostyma
for min del vert det mest gode intensjona
og sterkt krydra utrop



..ja eg veit dei burde hatt 8 bein
men e du ei sjokoladezombiekreksa
får du klare deg med berre seks
(praktiske hensyn)



fredag 30. oktober 2015

Inne og ute

 

Ein kan kanskje ikkje unngå å leggje merke til
mangelen på bilder frå innsida av huset vårt
siste halve året
ikkje utan grunn..



eg har firt på krava te orden
og leve herrens glade daga
med ein travel familie
ute ryddar Vår Herre så fint
i allefall her på landsbygda..



kanskje e da lettar å kompostera
ei bjørk og to
enn tomme brusflaske
og ipadladarar...

tirsdag 27. oktober 2015

Haustrim


Påny heve somaren sagt oss farvel -
og hausten hev alt teke rommet.
Det sukkar so sårt kringom lider og fjell -
og skjelvande stend kvar ein blome.
Det gustar so kaldt - det  er liksom alt -
seg gruar for vintens kome.



Jau hausten er komen, det ruskar og riv -
og stormkasti kviner om nova.
Og songen blir borte - der kald-snoen driv,
og livet som våren den lova.
- Det tonar i moll - kring knausar og koll -
og tussmørkret legg seg om stova.



Det vaknar ei underleg kjensle i barm -
når hausten for alvor hev vunne.
Ein saknar nok sommeren sollys og varm -
kvar himmelblå dag som hev runne.
Om hugen vert sår - er vona so klår-
att etter ein vinter so kjem der ein vår.

Bj. Andås

lørdag 24. oktober 2015

Den fine hausten




deler nokre bilder frå fine haustdagar
no har regnet kome tilbake
og i dag skal vi på
bedehusbasar..

onsdag 21. oktober 2015

Skumle skogen


..er du redd for skogen?

I Hakkadalen har me ein skummel skog
ein vakker, men dog so skummel skog
eg har plukka sopp der mange gongar
men uansett om det er midt på dagen i strålande sol
kjenner eg på gufset frå noko
tør aldri gå dit aleine


her hin dagen eg og jentungen var på tur med kamera
fanga me noko løye på film
ein stad der sola ikkje skein
gloa da i mørket


på same staden
uansett solvinkel
..hjelpes!



bra eg ikkje såg da før eg kom heim
og bladde i bilda...



bilde 1-2 og 5 er tekne seinare
då stilte me mannsterke
med skjelvande bein
da høyre med til historia at
da løgna i skogen var borte
og alle kom seg vel heimatt

mandag 19. oktober 2015

Hausten


Påny heve somaren sagt oss farvel -
og hausten hev alt teke rommet.
Det sukkar so sårt kringom lider og fjell -
og skjelvande stend kvar ein blome.
Det gustar so kaldt - det  er liksom alt -
seg gruar for vintens kome...
Bj. A

søndag 18. oktober 2015

Frost


no har frosten kome
nokre stader når ikkje sola fram 
slik at ho kan tine 
rimkvite bøar
der rår frosten
dag og natt


bra dyra er godt kledde
med ull og sånn...

fredag 16. oktober 2015

Haust






mandag 12. oktober 2015

Ta den ring..


eller kanskje bind deg ein krans te


i dag vart det humla so fekk nytt liv rundt ein streng


ho vert ikkje moden nok te finare vare


men ein krans te vinteren er no heller ikkje gale..

søndag 11. oktober 2015

Bind deg ein blomekrans


eg likar best blomane sikkert og trygt
festa på morplanten


i hagen
då står dei lenge


syrinhortensia
er ein av mine favoritta


og helst såg eg at dei kunne står der ute
i si fulle prakt


men når det står mellom dette
og hjortemagen
er valet i grunnen
veldig enkelt

fredag 9. oktober 2015

Du din sau




tjihi...

God fredag!

onsdag 7. oktober 2015

Tåkeprat



Dagane renn og oktober er alt her
med klårver og kalde netter

mange seier
berre det vert ein fin vinter...?


og sjølv om eg veit kva dei tenkjer på
snjo og sol og lange flott skiturar
så må eg vera heilt ærleg og sei


så lenge eg har levd
har eg aldri lika vinteren... kvit eller grøn
og nyt derfor hausten
i so fulle drag som mogeleg
og når den er so fin som i år
kan ein fort ende opp ganske så berusa...


søndag 4. oktober 2015

Småskala morro


I helga var vi på vår fyrste lokalmarknad som farande fant
med eigenprodusert og kortreist morro



spanande og skremande
me selde ut det meste vi hadde med
og kjekt var det
..om me gjekk i pluss?
neppe
men morro var det likavel