mandag 28. februar 2011

Hodebry.....




Samanfallande med varierande vermeldingar for vintereferien , vurderer eg å male litt på soverommet. Og maler eg litt, so dreg det no fort på seg, med feks. ny sengegavl eller hovudtavle som det heiter på godt engelsk. Eg har difor tatt eit valg i dag om å gjere noko eg sjelden gjer...eg har snoka te meg bilder øve lang tid og legg dei no frekt utatt... håpar ingen vert forferdeleg sinte for dette... i allefall ikkje forbaska sinte...


Som de ser er det mange måtar å gjere det på. Midt i veien for tida er å finne seg ei gamal verneverdig sæter og i nattens mulm og mørke, skjere ut litt av veggen, og setje det opp på soverommet. Gamle dører er også veldig IN, og gamle franske vindaugeskodder.






Desse siste flotte og romantiske utskårne gavlane er heilt uimotsåelege og heilt uoppnåelege trur eg.. ikkje har dei dei på Coopen og ikkje er eg so god med båndsaga. kanskje eg går for noko enkelt. Villmarkspanel med drivvedbeis? Eit par gamle treski? Eller kanskje nokre heilt nye av glasfiber..

Her finn de nokre av desse ideane og fleire til:

fredag 25. februar 2011

God helg!



Litt gjennbruk har aldri skada, ynskjer dykk god helg med fjorårets favoritt, Symra.

torsdag 24. februar 2011

Stuggu



onsdag 23. februar 2011

Jubilé du liksom!

Det nærmar seg faretrugande eit 25 års jubileum. Det er 25 år sidan eg var russ. 25 år sidan me prøvde å feire russ utan russebil. 25 år sidan me trudde heile verda låg framfør våre føt. 25 år sidan eg tenkte at 25 år var eit heilt liv. 25 år sidan jula varte heilt til påske og studietida heilt til pensjonsaldren.



Og no, no skulle det ha vore 25 år med framgong både på den materielle fronten så vel som den intelektuelle. Jorda burde låge flat som ei pannekaka under stiletthelane. Intet fjell for høgt, inte hav for stort. Eg trudde strengt tatt at det ikkje var mykje til liv ein kunne ha etter fyllte 30. Og til tider tenkjer eg at eg nok hadde litt rett..



...her eg fortvila kastar meg ut i zumbagalskapen, høglytt bedande til høgare
G-krefter om hjelp. Hjelp til å halde meg oppreist. Hjelp til å kare meg inn i fortidas jeans. Hjelp til å kome meg or og oppatt i senga om dagane. Eg gremmar meg over alt eg ikkje har gjort, og alt eg må skryte på meg. Eg tenkjer på direktørstillinga i Statoil som glapp, eller var det administrerande direktør? Alle kiloa som tok meg på senga. Eg tenkjer på alle hava eg ikkje har kryssa og alle fjella eg ikkje besteig.

So tenkjer eg feberilsk på kva kan ein få til på eit par, tre, veker? Kor mange kilo kan sugast vekk, kor mange dobblethaker kan flatpakkast og kor mange fag eg ta eksamen i? Kor mange ungar kan fødast og uteksaminerast, kor mange juladuka kan broderast, og så vidare....


Eg veit no likavel at jubileet kjem til å verta smertefullt kjekt. Det kjem til å verte veldig morro å treffe folk att. Eg trur me kjem til å le. Og kanskje grina ein skvett. Det vert nok spanande å høyre frå andre liv, heilt sikkert noko om høge fjell, og er eg heldig, kanskje om litt fettsuging også....

tirsdag 22. februar 2011

Rydding...

I dag ryddar eg på harddisken min. Her ligg det mange års minner i ord og bilder. Kjekt å ha! Men like overbegeistra er ikkje bankkontoen min. Når du skal ta vare digitale verdiar, treng du ei god backup-løysing. Desse kostar pengar. Så regelen vert då slik for meg; det som ligg på harddisken og som eg ikkje tykkjer er verd nokre kroner, det skal i båset. So no sit eg fordjupa i kaoset.



Då er det greitt med eit ryddig hus.

mandag 21. februar 2011

Syrinen blømer...

...



På laurdag fann eg to kvastar med syrin i ein blomsterbutikk. Føler at eg fjuskar litt, men det er herleg med eit lite snev av sumar sjølv om vetteren lever i beste velgåande. Ha ei fin veke!

søndag 20. februar 2011

Familien Dyslek s k i .....



Hjå oss er det no eingong slik at ingen av medlemmane i vår familie er noko utprega friluftsmenneske. Når det kjem til ski vil eg dra det endå lengre. Me lika da eigentleg ikkje so veldig godt. Eg kan berre snakke for meg sjølv, men barndommens minner frå leirskular og skidagar står enno for meg som eit mareritt. Lærarar som trudde at vintersport var Guds gåve te menneska og at det å ikkje lika det var brot på det tredje eller fjerde bod.


Det var nok fleire aspekt som verka inn dengong, og kanskje dei nye "boblestoffa" som var kome på marknaden og som me fekk heimasydde bobledressa i, hadde noko å sei. Mest sansynleg dei mest syntetiske stoffa som nokon gong har vorte masseprodusert, og dei var som kjent lett antennelege, men dog så iskalde! Me fraus nesten forderva.

Uansett. Me lika da ikkje, men me veit at me har so godt av det. Og derfor dressa me oss opp i helgene. Kakao og nista i sekken, og klister under skia. Mykje løgne ord og utrykk vert det fort den fyrste biten. I dag fekk eg kjeft for å ha brukt eit eller anna H-ord undervegs. Ungane klagar over at ting er for ditt eller for datt...me dett og me kjefta...

Men so skjer da forunderlega. Me tek oss fleire gongar i å smile, ja kanskje til og med le. Ungane har fjes som til forveklsing kunne sjå lukkelege ut. Og når me endeleg kjem trøytte og brunbarta heimatt, senkar det seg ein uvanleg og heilt uforståeleg fred over heimen.....


fredag 18. februar 2011

På strak arm



Siste tida har eg fått ein del utfordringar. Før i tida, i gamle dagar, la oss sei for eit år sidan eller litt meir, gjekk eg og verkte etter å få ta ein slik utfordring på strak arm. Gudane må veta kvifor, men eg sat og sikla medan eg såg utfordingane sveipa gjennom bloggeverda som ein pandemi... for så å dø ut ved at sistemann delte utfordringa med alle som las...




Då vart det liksom for tåssje å ta opp tråden på eigen blogg, kven var no denne bloggaren som ikkje hadde fått seg sjølv nevnt med navn?? ...så eg sa ingenting......eg blogga tappert vidare.





Fleire år skulle det gå før utfordringane kom min veg ......

So no folkens skal de endeleg få vite kva eg tenkjer om det meste!! :) Utfordingane har eg fått av dei kjekke, herlege og skjønne bloggarane: Kronprinsessene, Livet til ein Lauvrak og Bloggekroken. Tusen takk!!



Utfordingane var av ulikt slag så eg har laga ein ny vri:

4. ting eg har gjort i dag.

  1. Ofra meg for familien og laga middag då eg eigentleg skulle trene, for å so tvinge maten i ungane sidan dei var "mette" etter hotdogsservering på "Etter skuletid".
  2. Bestilt frisørtime, guri kor eg gler meg!
  3. Vore på nominasjonsmøte
  4. Tenkt på alt eg skal gjere 'te helga
    kanskje....


4. ting på ynskjelista
  1. At eg hadde ein handverkar i garasjen
  2. At all snjoen kunne fordampe, ikkje regne vekk!
  3. At eg elska å trene i timasvis
  4. At pondusvelde ville falla...


4. ting eg ikkje likar

  1. Barneselskap ( endar altfor ofte på legevakten...)
  2. Pondusvelde
  3. Fårikål
  4. Trur det var alt....




4. ting eg likar

  1. Latter
  2. Sjokolade
  3. Filosofering
  4. Gløymde eg blomer?

og no har eg den luksusen å kunne seia... til alle de som les - Ta utfordinga vidare på strak arm!