søndag 20. februar 2011

Familien Dyslek s k i .....



Hjå oss er det no eingong slik at ingen av medlemmane i vår familie er noko utprega friluftsmenneske. Når det kjem til ski vil eg dra det endå lengre. Me lika da eigentleg ikkje so veldig godt. Eg kan berre snakke for meg sjølv, men barndommens minner frå leirskular og skidagar står enno for meg som eit mareritt. Lærarar som trudde at vintersport var Guds gåve te menneska og at det å ikkje lika det var brot på det tredje eller fjerde bod.


Det var nok fleire aspekt som verka inn dengong, og kanskje dei nye "boblestoffa" som var kome på marknaden og som me fekk heimasydde bobledressa i, hadde noko å sei. Mest sansynleg dei mest syntetiske stoffa som nokon gong har vorte masseprodusert, og dei var som kjent lett antennelege, men dog så iskalde! Me fraus nesten forderva.

Uansett. Me lika da ikkje, men me veit at me har so godt av det. Og derfor dressa me oss opp i helgene. Kakao og nista i sekken, og klister under skia. Mykje løgne ord og utrykk vert det fort den fyrste biten. I dag fekk eg kjeft for å ha brukt eit eller anna H-ord undervegs. Ungane klagar over at ting er for ditt eller for datt...me dett og me kjefta...

Men so skjer da forunderlega. Me tek oss fleire gongar i å smile, ja kanskje til og med le. Ungane har fjes som til forveklsing kunne sjå lukkelege ut. Og når me endeleg kjem trøytte og brunbarta heimatt, senkar det seg ein uvanleg og heilt uforståeleg fred over heimen.....


10 kommentarer:

  1. Øving gjer meister seier ho som ikkje hugsar sist ho hadde ski under beina..

    Ha fin veke!

    SvarSlett
  2. Eg er heldigvis velsigna med det genet som seier til meg at ski er kjekt. Veldig kjekt. Natur og tur står høgt på ti på topp liste :-) KSupert at de også fant ut at leik .. og litt strev i snø er kjekt.

    Du skriv så leikande lett at eg set berre her og smiler. Og i tillegg koser eg meg med synet av bildene dine. Knallfint som alltid hos deg. Ynskjer deg ei god veke

    ( ... egentleg så er det litt rart, men når eg havner her inne hos deg så kjem nynorsken til meg igjen. Burde ha skreve nynorsk eg og, men eg knoter sånn etter mange år i Bergen by...)

    SvarSlett
  3. Høres ut som vi har noen like barndomms-minner der, ja!!! Uff, det var det VERSTE jeg visste!!!

    MEN det så ut som dere hadde dere en fin ski-dag!!! Nydelige bilder, og god beskrivelse av en skikkelig god dag i snøen!!!

    God uke til deg!!!
    Klem

    SvarSlett
  4. Ha, ha! Kjenne meg att i alt:)
    Flott innlegg !

    SvarSlett
  5. Jeg skal prøve skiene i april. For første gang på MANGE år!

    DET blir hardt kjenner jeg... *grøsse litt*

    SvarSlett
  6. Hærlig innlegg! Fantastisk flotte bilder :)

    Klem :)

    SvarSlett
  7. :o) høres ut som en helt vanlig gjennomsnittsfamilie på tur, hihi :o)
    Fantastisk fine bilder!
    Klem J.

    SvarSlett
  8. Så herleg erleg du er :) Høyres no likevell ut som de har hatt ein fin søndagstur!
    Veldig kjekk blogg du har :)

    SvarSlett
  9. Så fantastisk!!
    Det er nok sånn skiturene her kommer til å bli også. Strev, kjefting og lite lyst den førtse timen og så, forhåpentligvis, glede, latter og smil etter en kakaostopp.
    Selv har jeg påsketurer i Dyrkolbotn i min barndom friskt i minne. Enten var det skaresnø og livsfarlig eller så var det rotten snø der man sto fast med snø til livet. Like lite kjekt begge deler.

    I morgon går turen til Eikanger!!! Joho!! Ha en fin mandag! KLEM!!

    SvarSlett
  10. Høres ut som en helt herlig skitur. Dere liker det nok innerst inne, skjønner eg ;) Du skriver så finurlig, morsomt og rett fra levra at eg koser meg med å lese :)

    klem!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.