Viser innlegg med etiketten Presentasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Presentasjon. Vis alle innlegg

mandag 11. juni 2012

...berre litt inspirasjon...

Av og til treng eg sjå litt tilbake for å kunne tenkje framover...

   
   
   
   

torsdag 19. april 2012

Same old, same old, but new...

 

Nokre gonger kan ein høyre folk seie at dei er heilt galne etter noko eller nokon. Som oftast betyr det at dei lika noko eller nokon sånn litt over gjennomsnittet. At dei har fått noko slek litt på hjernen, utan at det har teke over alt vitet. At ein framleis faktisk kan tenkje på andre ting også. Men nokre få gonger betyr det berre akkurat det orda seier, at ein er galen. Slik på verkeleg. Slek sprutande galen.

 

Eg hadde ein blogg som eg var både nøgd med og glad i. Fire år, over 1000 innlegg og 500 følgarar. Den måtte eg stengje på dagen når ein slik sprutande galen ein fann den.

Da fins inviterte gjesta og so fins da ubedne gjesta. Slike ubedne gjesta so ikkje kan la nåke vera i fred. Sleke so riv ned og knuse ting heile tida. Slike so nektar å gå heim og so okkupera heile huset ditt.

Nokre gonga må ein beint selgja huset og flytta for å få fred for slike ubedne gjesta. Og no har eg gjort det. Flytta. Bloggflytta til eit nytt nabolag. Startar heilt på nytt og kan aldri nevne staden eg budde før... alt som kan googlast av godtfolk kan også googlast av dei som er sprutande galne, internetten skil ikkje på slekt.


...nokre gonga è da heilt greitt å begynna på nytt. Og eigentleg tykkjer eg det er det denne gongen også.

Kanskje saknar eg alle bileta mine litt, dei kan eg ikkje ta med sidan dei er spredd og pinna over heile internetten under det gamle bloggnavnet mitt. So det er berre å bretta opp armane (heiter det verkeleg det?) og knipse i veg.

Følgarane mine saknar eg også,  og dei faste lesarane.... heldigvis veit eg kvar eg kan finna dei

Håpar du kan trivast her i detta huset mitt også og legg gjerne att ein kommentar, då vert eg glad!

mandag 16. april 2012

Kvar eg er i frå...

Eg kjem frå ein stad med mange bratte bakka og dertil grøne lier... litt som livet sjølv..

mandag 5. mars 2012

Her è eg!

NIB utfordrar sjølvbildet i mars.

   
   

Da e skremande å gje seg inn på slike utgreiinga om seg sjølv. Fyst vert eg redd at eg ikkje skal finna noko når eg leita.

So tenkje eg kanskje at da e fø lite interiør og for mykje "hva man gjør". Men so finn eg nåke, ein tråd, og tråden den er raud.

Me snakka bloma, sjølvsagt, me snakka reint og rotete enkelt, me snakka pittelitt blonda og mykje skrot.
Me snakka mykje meir farga enn eg hadde trudd. Da è "more is more", evna til å begrensa seg er heilt fråverande, i allefall i bildematerialet. Da è oftast sol og sommar, med flagrande gardine i sommarbrisen. Og mest av alt, ein prikk med raudt og litt lyseblått. Då e livet godt!

   
   

Da va i korte trekk meg...på omgjevnadsfronten....og de må hugsa at bileta kan klikkast på for betre innsyn eller utsyn.