Viser innlegg med etiketten Gje vekk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gje vekk. Vis alle innlegg

lørdag 1. desember 2012

Og vinnaren er....



...av verdas kanskje vakraste kokebok, Small Plates & Sweet Treats er


Gratulerer so mykje til denne flotte frua og til alle dykk andre som deltok, tusen takk for at de var med!

(og til frua som vann, eg tek kontakt for  leveringsadresse og slikt.)

mandag 26. november 2012

Siste høve...


Denne veka er siste høve til å hengje seg på Gje-vekken min. I den anledning måtte eg prøve laga ei tå oppskriftene for å visa at da e fullt mogeleg å få de til fø heilt vanlege folk. Eg tok meg ein tur på helsekosten og kjøpte brunt rismjøl som faktisk viste seg å vera ganske kvitt (?) og trudde at eg var godt budd for evt. utfordringa. Men da viste seg at bokkveite og mandelmjøl også burde vore i handlekorga so eg valde meg ut ein rett utan mjøl :D Basque Vanillapudding. Og eg må sei...NUDELEG!!! Er resten av oppskrifttene som denne so er dette ein innertiar.

  

fredag 9. november 2012

torsdag 25. oktober 2012

Gje vekk! Giveaway!

I dag vil eg gje vekk noko aldeles fantastisk vakkert og flott og kjekt og fargerikt og lekkert og ..godt? I dag vil eg gje vekk ei bok. Ei kokebok.  Boka heiter " Small Plates and Sweet Treats" og er eit praktverk av ei kokebok. Alle oppskriftene er laga utan gluten og er svært egna for folk med glutenintoleranse eller andre som ikkje treng kveitemjøl til alt :D


Dama som har skrive boka heiter Aran Goyoaga og er ei baskisk dame som bur i USA. Ho er bakemeisteren som fekk glutenintoleranse og som på eigenhand har laga dei lekraste rettar utan. Her kan de sjå filmen om det. Bileta hennar har så lenge eg har kjend til henne vore ei stor kjelde til glede og inspirasjon. Boka er inga unntak.


So no gjev eg vekk ei bok til ein forhåpentligvis glad vinnar. Det du treng å gjere for å vere med er å leggje att ein kommentar på dette innlegget. Legg du deg til som fylgjar får du to lodd.  Reklamerar du på eigen blogg får du fem! :D Du kan bruke den vetle diskre knappen eg har her på høgresida om du vil. Har du ikkje blogg legg du att ei epostadresse eg kan nå deg på om du vinn. Er du Modaling vert da veldig enkelt, då kan eg levera boka til fots om du vinn. So legg att ein kommentar du og.


Eg trekk vinnaren 1 desember tenkjer eg...når julekaoset er på topp, så får du kanskje ei bok å kosa deg med i advendtstida. Ein liten advarsel er, du får ikkje mykje av ingrediensane til rettane på Coopen, men dei har det meste på helsekosten i Knarvik for å sei det slik :D


Alle bilda er teke av forfattaren av boka, Aran Goyoaga med den vakre bloggen Canelle et Vanille og er brukt med tillatelse frå henne.

(Gjevekken er heilt sponsorfri og kvitteringa kan leggjast fram på forespurnad)