Når jula nærmar seg har eg ei lei tendens til å gløyme alt eg har kjøpt
til tidlegare juler
det er som eg ikkje eig noko
te pynte med til jul
eller at det eg har er så skralt eller so lite
så difor har eg jo einlei tendens til å leggje att etter meg nærare eit halvt statsbudsjett
i butikkar som sel nips og dill og sånn
resultatet vert at kvart år veks haugen med julestas
og kontoen minkar
so i år investerte eg kun i nye kvite ljos te helgas adventsevent
og gjekk i skytjo etter resten
i allefall nesten
vedskio va litt krum i ryggjen
noko som kan gje eit intrykk av fart om ein er vennleg stilt
eg likar det faktum at den er unik
fins ingen lik
litt enkel pynt som luktar godt
litt hjelpt av ein limpistol
og adventstaken var i boks
relativt billig, naturleg og asketisk
slikt kan me lika
Ynskjer dykk ei fin adventshelg!
Så flott. Jeg pleier å si at det skal ikke alltid så mye til... Bare husk å slukke lysene før du legger deg.. God advent. Hilsen Inger Johanne
SvarSlettja den er kanskje litt i brannfarlegaste laget, bruker den kun under oppsyn og bur med ein brannmann :)
SlettDen blei jo veldig fin og delikat da. Jeg elsker naturlig julepynt, og ofte er det enkle det beste.
SvarSlettKlem fra Ingrid på www.ingridtunheim.no
ja einig, skal ikkje alltid sp mykje til :)
Slett