

Medan ungane var ute og leika i snjoen, fyrte eg opp i ovnen og la planar om kjekke stunder rundt kjøkkenbordet med glade barn, godt i stand, med epleraude kinn etter timar i akebrekko, tyggjande på enorme, heimelaga, ostehorn og brunbarta etter store koppar heimalaga kakao. Takksemda og kjærleiken til mor si skulle berre strøyma ut i rommet og fylle heimen med latter og harmoni... (kan eg ha sett det på ein svensk film eingong?)


Men då eg ropa dei inn med forventning i stemma, vart dei flakkande i blikket. "Eg likar ostehorn så godt at eg kunne tenkt meg å spara min" sa den eine. " Ja, dei ser kjempegode ut, men er litt..... mett" sa den andre. Sanninga var at nabomora eller nabofaren hadde kome fyrst i mål denne dagen, og hadde servert tomatsuppe og kakao med marshmallows UTE I AKEBAKKEN..... umogeleg å toppe det...
Om maten vart servert på PIP? Nei , berre for deg...berre for deg :)
God laurdag!
Og eg hadde takka tusen takk!
SvarSlettFor slik ei flott servering er eit sjeldant syn..
Ja, det er vel som med alt anna her i verda, det er om å gjere å verte fyrst!
godt med snille naboer da!! heldige barn :o)
SvarSlettselv om jeg ser PIP hver gang jeg er på jobb, så blir jeg like fasinert hver gang du viser frem ditt... happy people :o) her har det dukket opp en mac siden sist - og jeg sitter og "knoter" og prøver meg frem. en ny verden! klem og god lørdag!
Skulle gjerne smakt dine ostehorn & hjemlaga kakao jeg..:) Det må være et flott nabolag dere bor i;)
SvarSlettPIP er bare så lekkert!!!
God søndag til deg & dine ❤
Smil & klem fra Jeanette:)
Typisk! Dårlig gjort altså ;)
SvarSlettNydelige bilder! Du har en kjempefin blogg:)
SvarSlett