onsdag 25. november 2009

Avduking...

Trass dårleg med dagslys grunna uvær på Vestlandet tenkte eg skulle få avdukinga overstått.



Det er ikkje noko svær sak. Eg såg i eit eller anna blad at nokon hadde laga eit slags titteskap eller glogluggje av eit gamalt vindauga. Og når eg veit at løa heime er full i gamle vindauge tenkte eg at dette var lett arbeid for min fingerferdige far. Det viste det seg at det ikkje var desverre.



Grunnen til det var at han skulle gjere alt så veldig nøyaktig. Sjølv om eg klart gav uttrykk for at dette skulle sjå slite og gammalt ut, tok han seg tid til å levere kvaltietssnekkeri.



I tillegg mangla han hengsler sidan rammene til vindaugene var brunne opp for lenge sidan. So då måtte han lage seg hengsler...slik menn frå hans generasjon gjer det :)



Så då eg fekk skåpet, brukte eg ein del tid på å få det tilbake i gamal ubrukeleg stand og uttrykk. Eg er veldig nøgd og gler meg til å lage inspirasjons"utstillingar" i det, alt etter årstid. No er det sjølvsagt jul, men sidan de allereie veit kva stand boda mi er i var det umuleg å stille med julesaker til dagens fotoøkt.



Me får greie oss med ein amaryllis og nokre litt store julebokstavar frå den gode feen.

10 kommentarer:

  1. Stiiliig !! Kjempestilig !!
    Måtte flira litt når du fortel om far din som vil gjera alt fint og skikkeleg. Sånn er det ! Enkel fin pynt med raude detaljer gjorede seg. Blir nok gøy å laga forskjellige miljø inni der. Ha det godt !!

    SvarSlett
  2. Nydelig! En kjempegod idé var det også:) Heldig den som har tilgang til slike materialer og fingernemme folk:)

    SvarSlett
  3. Kjempefint ramme,på ramme alvor !

    Har hatt den ideen der jeg og, til flatskjermen. Doble vinduer i karm, som åpnes når tv en er i bruk og som ellers kan være lukket.
    Problemet er hverken snekker eller gamle vinduer. Mer at flatskjermen flyttet og jeg tok i bruk den gamle kassa igjen. Jaja, det er fordeler og ulemper med det meste !

    Kjempefint ! hils far din og si han er flink !!

    SvarSlett
  4. Så flink far du har, nydelig titteskap :-)

    SvarSlett
  5. ..din far er dyktig!!!
    Så fint, og så artig... et lite utstillingsvindu! Wow :o)
    Dette hadde jeg ALDRI gjettet på!

    Ha en fin kveld!

    Klem J.

    SvarSlett
  6. Såååå flott!!!!
    Skjønner du er fornøgd med den. Eg syns det er så stilig med slike gamle vindu, spesielt hvis dei er delt i to eller tre, som pynt på ein vegg. Evt. kan ein byte ut glasset til speil. Så den titteboksen din den likte eg. Gler meg til å sjå juleutstillinga når julepynten er framgraven frå boden!!

    SvarSlett
  7. Så fint...
    Trur eg må leite i løa heime..
    Men eg har eit anna skap der døra er eit gamalt vindauge..
    Mann min sm hadde ideen og fekk ein snikkar til å gjere jobben..
    Hm, kanskje eg må vise det ein vakker dag... ;-)

    SvarSlett
  8. Nyyydlegt! :) fatastisk!
    Det der er arbeid...eg sette svogeren min i gang, for eg trur me har kikka i same bladet!;)
    Men når det endeleg var ferdig og sto der sånn midt i vegen kom katten forbi....mannen ringde meg på tlf og lurte på kva det hersens greiene gjorde midt i gangen....
    no står mitt i kjellaren utan vindauge i....singeliiiing!

    SvarSlett
  9. Takk for så hyggelig hilsen du la igjen hos meg for en stund siden............og jammen har du en vakker blogg selv!! Jeg har sittet her inne hos deg en stund nå, og bare kooooost meg med flotte bilder og herlig inspirasjon:)))

    Ha en toppers dag.

    SvarSlett
  10. Glemte å si i farten at det vinduskapet ble superlekkert!!!!!! Kan tenke meg hvor fint det blir med forskjellig pynt:)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.