

Kven har vel ikkje som barn plukka vårens vakraste bukett og vorte bittelitt skuffa over at mor ikkje vart so glad som forventa då ho såg neven med engkarse? Eg har i allefall det. Og er oppvaksen med å sjå litt ned på den, der den overtek heile hagen om du let han. I dag gjev eg den ein ny sjangse. I lag med noko avblomstra rosa margaritt og litt syrestilk syns eg den vart veldig vakker.


Kransar er i det heile kjekt å lage. Desverre er levetida like kort som venskapen er stor. Det som kan hjelpe på er å leggje dei på eit fat med vatn i eller i ei bøtte med vatn om natta. Då strekkjer ein livet deira bittelitt lengre.


.... herleg sumar!
Takk for herlige bilder og flott inspirasjon:o)
SvarSlettHeleneklem
Deilige sommerbilder! Kven seier at ikkje ugress kan vere fint?! - Berre det veit å halde seg på rett stad! Mvh Monica
SvarSlett