Reblogga frå sommaren 2011:
Eg er veldig glad i roser, kanskje meir levande i hagen enn avskorne inne i ein vase. Me bur litt hardført til her inne i hakkadalen så eg har hatt både gode og dårlege erfaringar med roser. Strengt tatt bør rosene ein vel her har sone 4 og oppover. Kanskje helst sone 5 og oppover. Her kjem ein kort presentasjon av nokre av rosene eg har, og har hatt, og litt om erfaringane med dei:
Hurdalsrosa:
Frå Bogrønt: Mellomstore, halvfylte blomster. Frisk og usedvanlig blomsterrik. Opprett, overhengende vekst. God i inn- landsstrøk. Prestegårdsrose. (Ukjent opphav) Høyde: 200-300cm H7
Denne er ein av mine favorittar. Vekst som "ugras" kraftig og flott, og blømer med dei vakraste blomer. I år hadde musa ete borken av heile Hurdalshekken min så det var lite blomer, men det som kom nytte eg i full dose.
Lykkefund:
Plantasjen: Lange slanke årsskudd som neste forsommer bøyer seg i elegante buer og setter et rikt flor av hvite blomster med gult sentrum og gule pollenbærere. Nøysom rose som man burde ta mer i bruk. Har sterkt voksekraft. Kan også brukes som klatreplante. H6.
Vakker og hardfør. Likevel har ikkje lukkast med denne. Har fleire av denne og dei som ikkje har fått rosesjukdommen Rose Canker har musa spist borken av. Vert lite blomer av slikt, men eg har ikkje enno gjeve opp.
Mary Rose:
BoGrønt: Store, fylte, skålformede blomster. Velduftende. Meget fin vekst, opprett og buskete. Blomster over hele busken. (D.Austin 1983) Høyde: 120cm H5-6
Ein klår favoritt. Blømer heile sommaren med dei vakraste roser.
Leonardo daVinci:
BoGrønt: Kraftig, tett og breivokst vekst. Gråaktig grønne til mørkgrønne, glinsende blader. Remonterende. (Meilland 1993) Høyde: 80-100 cm H3-4
Denne stakkaren har halde ut forferdelege vintrar her hjå oss, men måtte i år gje tapt. Skal kome ny tilgards, kanskje neste år.
Rapsody in Blue:
Rose med spesiell farge. Lilla. Frisk og robust. Ca 1 m høg. R (H4) Nydeleg og velvillig.
Ei eller anna Grootendorst?
BoGrønt: Små nelliklignende blomster i store klaser. Opprett tett, busket vekst. Kraftig tilbakeskjæring 2.til 3.hvert år. Meget hardfør. (Grootendorst 1923) Høyde: 100-150cm H7
Eg er spesielt svak for desse. Desverre overlevde denne ikkje 6 mnd under snjoen i vinter,
Rosa Mundi:
BoGrønt: Doble til halvfylte blomster med lyse striper og lilla sjatteringer. Riktblomstrende. Friskt grønt løvverk, opprett vekst. Spesiell. Trives på dårlig jord. (ukjent før 1581) Høyde: 100cm H5
Også ein favoritt. Lyser opp hagen i blomstinga. Flott og kraftig bladverk.
Heritage:
Frå BoGrønt: Lysrosa blomster. Vakre, fylte, dypt skålformede blomster. Duftende. Meget blomsterrik. Åpen vekst med lange grener. Kraftig beskjæring gir robust vekst. (D.Austin 1984) Høyde: 120cm H4
Denne har eg hatt i to år og kom kraftigt att andre året. Litt lange og "slentrete" greiner hjå meg i år, men det kan nok skuldast ein veldig hard vinter.
Ukjent: Kanskje Egeskov..
Bogrønt: Halvfylte blomster som blekner noe mot avblomstring. Blomstene sitter i store klaser og dufter svakt. Opprett vekst. God gjenblomstring. (Poulsen 1982) Høyde: 60 cm H4-5
Sympathie:
Mørkeraude fløyelsaktige roser med duft som også tåler regn. Ca 3 m høg. R (H4-H5)
Ein ny favoritt. Noko av dei nydelegaste blomane eg har sett. Fyrste år i år, fyrst neste somar kan eg sei om den har ei framtid her.
Flammentanz:
Klatrerose med store, fylte dyppurpurrøde roser i juli-august. Plantes dypt og bindes opp etter espalier eller lignende. Høyde: 4 m. blomstrer på 2. års skudd. Herdighet: 6-7
Denne hadde eg i fleire år og den har vore eit syn. men også denne vart sjuk og måtte gje seg i år.
Bonica:
BoGrønt: Middels store fylte og flate blomster Opprett vekst, men de tunge blomster-klasene gjør at grenene ofte legger seg utover. Hardfør. (Meilland 1985) Høyde: 70-90cm H5
Igjen ein trufast travar. Luktar desverre ikkje rart.
The Fairy:
BoGrønt: Små rosett formede, fylte blomster i store klaser. Svært blomsterrik også utover sensommeren. Utbredt vekst. Små, glinsende blad. (Bentall 1932) Høyde: 40-60cm H4-5
Nydeleg rose. Dei stryk med i javn takt og eg kjøper nye. Gjev dei aldri opp :)
Smårose - Morsdag?
Denne fekk eg hjå kommunen då yngstejenta vart fødd. Den levde ute i 7 år før sist vinter tok knekken på den. Ei nydeleg rose som nok ikkje er tenkt til vårt klima.
New Dawn:
Lysrosa roser med spesiell duft. Ein av dei mest brukt klaseroser. Ca 4 m høg. R (H6)
Dei fyrste åra var denne flott her heilt til den fekk Canker og har slite sidan den gong. Ei rose eg gjerne vil ha men strever med.
Rosa 'Penny Lane':
Lovande nyare klatrerose med champagnefarga roser. Blomsterrik med fin duft. Ca 2,5 m. R (H4-H5)
Denne måtte komme att frå rot i år. Dårleg tendens om den skal ha ei framtid som klatrerose.
Louise Odier
Store doble, Camellia-liknende blomster i lyse rose rosa. En kraftfull og evigvarende rose.
Klassisk rosetype fra 1851 Høyde: 90 cm til 1m 50cm Blomstrende periode: Kontinuerlig blomstring
Denne måtte gje tapt for vinteren etter tre år. Ikkje heilt sikker på om det er rett navn på denne. Kom gjerne med innspel om de ser eg har rota med etikettane :)
Coral Dawn
Dette er en kraftigvoksende klatrerose. Greinene kan bli 2,5 m lange. Den har store, fylte korallrosa blomster med god duft. Planten er gjenblomstrende.Fra Boerner – Jackson & Perkins 1953. Dette er en utvikling av New Dawn. Den har bedre farge og duft, men har ikke så god vinterherdighet.
Det siste er nok rett. Den klarte ingen vintrar i Hakkadalen og kjem ikkje til å få ein ny sjangse.
Astrid Lindgren
Lys rosa halvfylte roser med litt duft. Hardfør og robust. Ca 1 m høg. R (H4)
det var denne mor mi skulle kjøpe til meg då ho kom att med Ingrid Bergmann. I motsetning til sistnemde har denne overlevd og står no og blømer flott. Blomane er litt lakseraude og kanskje ikkje heilt min smak, men lyser opp i beddet uansett kva eg måtte no meine.
Det har vore mange fleire, men dei har kome, blømt og døydd. Ikkje lett å finne roser som passer eit kaldt og fuktig klima. Da eg byrja med hage tenkte eg at det var eit kjedeleg utval roser i hagane rundt om kring her. No har eg skjønt kvifor og opplever stor venskap og glede over dei som trass alt klarer bu her med oss.
Å herlighet så utrolig mange, nydelige roser og bilder!
SvarSlettJeg er helt målløs her jeg sitter :)
Du har de grønneste fingrene jeg vet om hi, hi.
Endelig fant jeg deg!!!
Klem May Helen
Så kjekt å lese bloggen din igjen!:) Det var mange nydelige roser! Kan du ikke plante noen av rosene som du liker så godt i potter slik at du kan ha de inne i det fine drivhuset ditt om vinteren? Kanskje de har større mulighet til å overleve da:) Jeg har mine i en bod uten vindu og det går veldig bra:)
SvarSlettMange vakre roser du har. Jeg bor i H-6, har mest rugosahybrider og kanadiske. Yndlingsrosa er Louise Odier,eksempel nr 2 er skranten, men fortsatt i live.
SvarSlettHa fine vårdager :)