mandag 21. mai 2012

Supermarengs...

 

...i går lovde eg dykk oppskrifta på noko eg betegna som supermarengs. I dag må eg innrømma at da va eit litt frekt markedsføringstriks for å fange merksemda di. Men at marengsen er god er der ingen tvil om.

Marengs er ikkje noko hokus pokus å lage og opskriftene er mange, men varierer over ein ganske bankers lest. Eggekviter og sukker eller melis. Alt utanom dette kan variere litt. Mi oppskrift er slik litt på rus og må takast for det den er...på rus :D

 

3 store romtempererte eggekviter, pittelitt eddik, 1 ss maisenna, 2 ts vaniljesukker, 2 ss kokande vatn og 2,5 dl sukker.
Nokre puttar alt i på ein gong og vispar i veg til superstiv og glansfull "marengs", andre begynner smått med eggekvitene og fyller på med resten litt etter litt. Eg har gjort begge delar utan at eg har klart å finne noko verifisert ulikskap.

Eg har denne gongen laga store pikekyss som eg seinare skal ha vaniljekrem og bær på. Akkurat passeleg for ein porsjon.
Marengsen går i ovnen på 175 grader i 10 min og så 10 min til på 150 grader. Lager eg til ein stor pavlova har eg marengsen i ovnen på 175 i 10 min og etterpå på 150 i 50 min. Dette må ein føle seg fram med alt etter ovn og dagsform tenkjer eg.  Lukka til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.