mandag 5. april 2010

The Bride

Takk og lov at busker og tre, og gjerne ei rose eller to, framleis har lappane sine inntakt. Slik dei no står uti hagen, brune og skrantne, kunne dei fort vorte mat for kompostkverna, stor og gul. Og desse plantane kan jo faktisk halde det lappen lova.


Tenk kor herleg det hadde vore med ein ny vår. Dar skrukkete kinn og humpete lår måtte gje tapt for ungdom og spenst. Der stivt og elda vert mjukt og vakkert. At den forlokkande lappen på bringa faktisk kunne stoppa den store gule.....


Ja, ja...men kven vil vel ta mopedlappen i vår? Det er nok klokt at ting er som dei er.

Innimellom snjo og skit fann eg tegn på at våren kanskje kjem til Hakkadalen også...

4 kommentarer:

  1. Berre i dag har snøen minka mykje i min hage..
    Er vel håp for din også :-)

    Herlege bilete, ja det vert nok vår i år slik som andre år..
    Og den som ventar på noko godt etc.

    SvarSlett
  2. Ja du, enkelte ting kunne vært greit å skifte ut - enig i det :o)

    ..men å bli fjortis igjen, med kviser og hormoner - nei takk ;o) den står eg over!!

    Jeg har visst ikke gjort hjemmeleksen min vedr åpningstider på gartneriene... men plantelysten sank som en stein plutselig - så utsetter besøket til en annen dag ;o)

    Javisst kommer våren til Modalen... det livnar i lundar hos deg og!!!

    Klem J.

    SvarSlett
  3. Hagen er heldig sånn, den får sine fornyinger, (enten den vill eller ei), men veit ikke om jeg vil bytte altså, bli sendt i dvale halve året?

    Snøen kryper gradvis vekk, og vips så er den borte og glemt. Og i mens så har du jo gull innimellom der ja :D
    Det er en fryd å krabbe rundt og se hva som titter opp :)

    SvarSlett
  4. Herlige vår ! Me får laga vår på anna vis me enn med totalfornying kvart år !!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.