søndag 8. februar 2009

Kan mor meldast opp til PPT?

Ja, eg kan no sei at det var verken frukost eller kaffilukt då eg vakna denne morsdagen. Det var berre å kome seg opp og lage til sjølv om ein ville ha mat i skrotten. Eg lura litt på kvifor ingen kjende på lysta til å lage noko for mor i dag...sikkert dårleg oppdragelse kom eg fram tid, og tenkte det gjald alle..inkludert far...

Til frukost kom kortet på bordet. Jenta fortalde kor mykje arbeid som låg bak. Timasvis med klypping, liming og glitring. Teikninga hadde og teke si tid.



Eg må ærleg sei at eg stussa. Som gamal pedagog tenkte eg mitt, nett som unge pedagogar gjer...
Var ikkje mor litt sur her? Såg dottra lukkeleg ut? Kvar er blomeenga? Kvar er smil og glede?
Det grøne, er det armen til mor? Kvifor stikk den inn i auga til dottera? Kvifor er den grøn? Er det navlestrengen?...

Kanskje ikkje så rart det ikkje lukta kaffi i dag morges...kanskje har barnehagen allereie meld meg opp til PPT......

4 kommentarer:

  1. Først av alt: En befriende blogg!

    Deretter: Nydelige foto som gir både "innsikt" og "oversikt".

    Så til slutt: Gode innlegg holder dette universet levende!

    God Morsdags-søndagskveld!

    SvarSlett
  2. fniiis! Ja! Det er kome inn ei bekymringsmelding!
    På familien din! Dei får refs og bot! No er det morsdag KVAR dag eit år!
    Men du eg lurte litt på kva som skulle skje, sto no opp til slutt medan eg prøvde å tolka signal frå underetasjen...Skal eg ligge? Skal eg stå opp??
    ik! skulle ligge...,forta meg inn på soverommet, vrengte dyna, smatt under, knepte att augene! Så fekk dei vekke mor!EG låg under dyna fullt påkledd, nysminka!
    God veke og berre gled deg til kvardagen- no med frukost på senga KVAR DAG!

    SvarSlett
  3. Jeg sitter her å smiler igjen !Igrunn trur jeg det er best å tenke MINST mulig... analysere minst mulig og legge det beste i det, samme søren...
    Har bunkevis med tegninger fra hu eldste, som kun tegnet i svart. Uansett hva hun tegnet så var det svart... Blomstene var svarte, gresset var svart, jeg var svart, hun var svart... Og jeg jobbet i psykiatrien ( der vet du det )og var bekymret for både ungen og meg selv . NOE måtte jo være alvorlig galt, tenkte jeg. MEN , sånn var det ikke - jeg trur ungen bare ganske enkelt likte svart... Det har i allefall gått bra med henne så langt...
    Det grønne.... Det MÅ da være båndet mellom dere...
    Snøen, ja... Den glemte jeg i dag, men bare vent !

    SvarSlett
  4. Utrolig bra! Som pedagog kjenner jeg det godt igjen!:)

    Men fy til dem som ikke kom med kaffe på senga til mor!

    Flott blogg forresten!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.