Tanken hev sterke vengjer -
kan lyfte seg høgt mot sky.
Fritt over berg og blåner -
opp mot ein himmel ny.
Tanken kan ingen stengje -
den leikar i hug og hått, -
sigler på alfe-vengje -
sviv mellom vondt og godt.

Det seigjest at tanken er tollfri.
Du kan tenkje kor mykje du vil.
Vida vil tankane fara -
men studom so stend dei still.

Der tanken hev møtt det som stengje -
og løysinga ei er å sjå, -
kjem trua på sterkare vengje -
og ber ein yv berget det blå.
Der tanken kje fram kan finne -
vil trua deg visa veg.
og eig du ho innarst inne -
du sterk gjennom livet dreg.
Bjarne Andås