torsdag 12. februar 2009

Vårførebuing..

Ikkje mykje nytt under sola. Snjo og vinter ligg over landet. Influensa og omgongsjuke likeså :)



Her ser de rosa valmua og stemor som ventar på vår.....

NB! desse har ikkje eg sådd, desse fann eg i gartneriet til mor mi, der temperatur og lys er tilpassa desse karane her...

onsdag 11. februar 2009

Eit kvileinnlegg...

Har vorten sjuk att...må kvile litt til....


tirsdag 10. februar 2009

Når ein bloggar med ADHD...

Fyrst vil eg ta meg tid til å be om orsaking til alle som har ADHD, kjenner nokon som har det, eller av andre pedagogiske grunnar tek seg tid til å verte indignert over at eg brukar begrepet utan eigentleg å ha grunn til det...for nei, eg har ikkje ADHD...sjølv om eg til tider bloggar som om eg har det...



Eg brukar det i dag kun som ein illustrasjon. For det hender, ganske ofte, at eg lagar eit blogginnlegg i ein felande fart. Det er relativt sjelden eg har ein plan, eller ein god tanke. Eg må berre få noko ut der. Nett som eg må pussa tedna før eg legg meg, må eg sleppa eit nytt innlegg etter middag.



Når ein då ikkje har ein plan eller ein ide, vert no innlegga so som so. Dei ligg dar, uti verda og fortel noko om meg. Ikkje alltid er dette fordelaktig. So ser eg på det. Kjenner at eg er litt pinleg rørt over heile innlegget. Bileta var no heller ikkje so gode. Dette var ikkje kvitt nok, eller morosamt nok, eller vetig nok. Dette var ikkje i allfarsvei, tenkje eg. Dette fall ikkje i god jord....

Eg slettar det! Nei, vent! pling! Der har nokon kommentert. Eg kan ikkje slette, når nokon har tatt seg tida til å leggje att ein kommentar. Det ville vere å fornærme dei, å sei at dei ikkje er viktige...at eg berre slettar dei slik utan vidare....

Kva gjer eg då? Innlegget ligg der. Eg klarar ikkje sjå det og ikkje kan eg slette det.
- Eg må lage eit nytt! - Det kan redde meg.

Framleis utan ein plan og frameleis utan ein ide. Nytt innlegg vert til. Eg ser på det.
Eg vert usikker. Var det så bra? Bileta? Teamet? Eg kjenner kinna brenn. Eg vert forlegen att.

Skal eg slette? ...pling! ...og here we go again.....ein bloggar med ADHD.

(som de kan sjå har eg ofte fleire innlegg i ein månad enn der er dagar..:)

mandag 9. februar 2009

Frøken Vinterhage 2009

Ja, etter å ha tenkt ei stund, bestemte eg meg for dette biletet som eg har prøvd å publisere fleire gonger tidlegare utan hell. Det har aldri passa heilt inn. Mest på grunn av fargeintensiteten.

Dette er Frk. Elvabarsibirkornell. Ho er ein del av min hage. Den store. Dagen eg var på skogssafari skilde ho seg ut med den sterke raude fargen. Ho vaks vill, heilt aleine nede ved elvabaren. Stod der staut i elvatrekken og tivheld på siste rest av haust, bærskjellettet som hang der som eit spøk i vinden.

Ho er ein høgreist og verdig kandidat tykkjer eg.
Her frå ein anna nærleik.

Pauseblome

...

søndag 8. februar 2009

Av måneskinn...

Me skulle på skeiser i dag, i 12 minus og sol. Me gledde oss, kakao kokt, sjokolade pakka og kamera var klart. Etter 5 min og 6 svinga i bil måtte vetlo tømme magen....

Korversjonen er den at eg kom meg ikkje ut att før sola var borte og månen kom fram...



Ynskjer dykk alle ei flott vinterveke!

Kan mor meldast opp til PPT?

Ja, eg kan no sei at det var verken frukost eller kaffilukt då eg vakna denne morsdagen. Det var berre å kome seg opp og lage til sjølv om ein ville ha mat i skrotten. Eg lura litt på kvifor ingen kjende på lysta til å lage noko for mor i dag...sikkert dårleg oppdragelse kom eg fram tid, og tenkte det gjald alle..inkludert far...

Til frukost kom kortet på bordet. Jenta fortalde kor mykje arbeid som låg bak. Timasvis med klypping, liming og glitring. Teikninga hadde og teke si tid.



Eg må ærleg sei at eg stussa. Som gamal pedagog tenkte eg mitt, nett som unge pedagogar gjer...
Var ikkje mor litt sur her? Såg dottra lukkeleg ut? Kvar er blomeenga? Kvar er smil og glede?
Det grøne, er det armen til mor? Kvifor stikk den inn i auga til dottera? Kvifor er den grøn? Er det navlestrengen?...

Kanskje ikkje så rart det ikkje lukta kaffi i dag morges...kanskje har barnehagen allereie meld meg opp til PPT......

lørdag 7. februar 2009

Med et par gode somra....

e deinne snøen forsvuinne. Arthur Arntzen




Prinsessa som fjerta...

Då eg var lita budde eg ein bortgjøymt stad i verda. Eg hadde to brør. Næraste leikekamerat budde to gardar innanfor og var ein gut. Skulle eg treffe jenter måtte eg sykle 5 km i det me i dag vil kalla utmark. No kunne eg ikkje sykla før eg var nærare 7 år så før det vart det smått med veninnebesøk...



Da va ikkje særleg effektivt å ynskja seg dokker og prisenssesaker. Det kunne ikkje nyttast som bytemiddel. Der var det berre lastebilar,traktorar og "pikstolar" som gjald. Kamp på kniven og eit tøfft oppsyn måtte te...kvar dag....berre pinglene grein hjå oss...

Eg trur det er derfor at eg som eigentleg er minimalist med behov for strame og symmetriske linjer..plutseleg dåna når eg ser blonder, roser og prinsesse saker.... gamle undertrykte behov...

Derfor kastar eg meg inn i Konkurransen til Blafre Design . Tenk å kunne innvitere til litt over 40-årsdag med desse her :)

Ta dykk ein tur inn og sjå alt det flotte dei har fått til denne gongen. Der er mykje for ein kvar smak. Trekningen er allereie på mandag så de må forte dykk.

(om nokon var i det minste tvil..så henspeglar overskrifta på meg som lita :)

fredag 6. februar 2009

Vinterdvale..

Eg laga fort og gale eit innlegg dar eg okka meg øve alle som ville ha vår i februar. Men eg kjende fort at det var feil angrepsmåte. Folk må få villa ha vår heile året for min del. Eg ville eigentleg berre dele kor godt eg tykkjer det er med januar, februar og mars...


Desse månadane er det stilt her hjå oss, ute, inne og i "møtelivet".
Mange frihelger på rad og rekkje til å fylla med akkurat det me vil.

Desse månadane brukar eg til å ta meg innatt. Til å finna fotfeste både til å sta i ro no, og til kasta meg ut i våren når han kjem.


Desse månadane finn eg fram att handarbeidet frå i fjor. Nesten alt har mange år på baken og vert nok aldri ferdig...men eg er undervegs og det er no alltids noko...¨

God fredag til dykk alle!

torsdag 5. februar 2009

Frøken vinterhage?

Den einaste pynten å finna i min hage for tida, er fuglane. Men dei er då til gjengjeld svært vakre. I allefall i mine auge. Eg klarar nesten ikkje sjå meg mett på dei. Desverre er dei litt folkasky og fer sin veg så snart dei vert var meg. Ein liten luring har likavel meir mot enn dei andre og er derfor stjerna på mange av bileta.






Klikk på bileta og sjå småkarane litt nærare...

onsdag 4. februar 2009

Ranunklar...

I BT stod det å lese at for interiørbloggarar var det berre ein ting som tel no, blomevis, og det er rosa ranunklar. Da er heller ikkje å kome forbi alle blogginnlegga med kvite og rosa ranunklar som har florert den siste månanden. So eg gjorde da dei fleste ville ha gjort. Eg bestillte kvite, sjølv om det er litt keisamt i lengden, eller rosa ranunklar frå mor mi då ho skulle på blomsterbilen å (og?) handle.


Ho var litt duknakka då ho kom på døra litt etter. Dei rosa og dei kvite var på uforklarleg vis vorte borte frå overnevnte bil og dei hadde berre orange og gule att. No er ingen av dei to fargane noko som passar inn i mitt hus..så eg vart no litt månebedotten sjølv og. Men eg kunne no ikkje vere mindre gjestfri enn at eg gav dei eit glas vatn etter den lange turen (blomane, ikkje mor mi :)



Og no har dei ste eit par dagar og rett og slett ikkje passa inn. Heilt til eg såg på dei gjennom linsa på kameraet mitt, fyrst då såg eg kor vakre dei faktisk var. Kor dei lova vår og solskinn og varme dagar. Kor dei gav liv til huset og kor feil ein kan ta....

tirsdag 3. februar 2009

Smårusk...

Eg eig lite gamle ting. Eller kort sagt, eg eig generelt lite ting.



Ikkje det at eg ikkje likar ting. Men eg har ein filosofi om at det eg ikkje treng , det skal eg ikkje ha. (No er begrepet å trengja eit vidt begrep..eg øvelet da til den enkelte å fylla da med da so passa dei :) Dette er heilt greit...heilt til eg skal ta litt interiørbilete i det vakra lyset.



Då har eg so lite å ta bilete tå.
Tåssje...
(kjem frå toskete - sjå her)

No tel eg på knappane...



Eg er med og konkurrerer om eit gåvekort fra herlege Snella & Petronella Duften av erteblomster sin blogg"

Og med mi vinnarlukka kan du trygt kaste deg med i konkurransen. Gå til Duften av Erteblomster sin blogg og les reglane for deltaking.

mandag 2. februar 2009

Vintersong

Atter ein gong syng det vinter.
Jorda er klaka og kald.
Atter rår stormharde netter -
alt er i vinterens vald.
No kan han herja og tyne -
seinvår han spottande spår.
Det er som mest han vil syne -
no er det vinteren som rår.



Snøen kring fjellrader blenkjer.
Lyser som kvitaste lin.
Ofte ein undrande tenkjer:
jau, vinteren kan og vera fin.
Når stjernor på himmelen skjelver -
og månessølv glitrar i lid -
og over det heile seg kvelver -
ein himmel so blå og so blid.



Natura ho dormerande drøymer -
sveipt inn i vinterens famn.
Aldri - nei aldri ho gløymer
våren sitt solvarme namn.
For våren - ho veit han er livet,
og livet er solfest og song.
I veksande vona ho leve -
livet skal sigra ein gong.



Vona om vårblomen blenkjer -
tvert gjennom kulde og snjo.
Gjer at me hugvarme tenkjer:
Sola stig høgare no.
Snart ho om fjellryggen rundar -
strålane stova vår når.
Atter det tryllande under:
Snart ber det fram mot ein vår.



Lat berre vinteren syne
makta si enno ei tid.
Snart vil han skjelvande skyne -
han kjempar den fåfengde strid.
Livet det alltid vil vinne.
Snart er det sola som rår.
Strålar so varme og linne -
tryllar nok fram att ein vår.

Bjarne Andås

søndag 1. februar 2009

300 liter varmt vatn rett i vasken..

..det var dagens bragd. Trøtt og forvirra som eg er, set eg i gang med den eine arbeidsoppgåva etter den andre. Prinsippet er slik: eg har ein 4-5 ting som skal gjerast etter middag. Eg begynner på fyrste oppgave, la oss sei det er å vaske og gjere reint på kjøkkenet...eg finn fort ut at kjøkkenfilla må skiftast ut, travar vidare til vaskerommet for å gjere nettopp det.



Men kjære vakre vene...vaskerommet er arbeidsrommet over alle rom...då ser eg kle som må i vaskemaskina....i det eg lempar innpå med kle i vaskemaskina ser eg at katten har sølt maten sin utover golvet....eg hentar ein mopp og bøyer meg ned....sjølvsagt er kattekassa full.....eg setter moppen til sides og tømmer kattesanden ut. Set kattesandkassen i utslagsvasken og kjører på med såpe og vatn.



So ser jeg alle håndkleda eg skulle ha båre inn på badet....jaudå kjem ut i gongen og ser ungane har slengt kledna utover golvet. Legg frå meg håndkleda på sonen si airhockeybane og heng opp reimadressane.

Då treng eg kaffi. Set på kaffivatn og finn meg eit blad. Nokon treng hjelp med å finna eitt eller anna...so eg finn det..eller prøver i allefall. Tilbake på kjøkkenet har kaffivantnet kokt bort.

Kjenner at stresset vaknar, lagar meg ny kaffi og set meg ned....les IForm, og føler meg på feil lag....les om all frukta og grønnsakene ein bør eta og alt om det farlege fettet....og eg som berre et fett for tida....legg på meg 5 kg mens eg les om fitness, dittnes og datt.



Kjenner etter ei stund at lufta har vorten fuktig.....på vaskerommet har 300 liter varmt vatn gje rett i vasken, kjøkkenet er like rotete, ingen kle er vorten vaska, kattematen ligg fremdeles på golvet...ein mopp står henslengt i ein krok og eg finner ei bunke håndkle i gangen.....og eg er heilt utsleten..

Dette var 24 januar 2008. Katten er borte, det same er sonen si airhockeybane, men ellers er kvar dag som 24. januar 2008.

Eg må og få takke for svært fine kommentarar på mitt forrige fotoinnlegg. Med Guds natur med på laget, er dei heilt ufortente, men svært kjærkomne.