fredag 26. oktober 2012

Prinsippfast



Sidan Tine K er så til dei grader overrepresentert på dagens interiørbloggar har eg vore veldig prinsippfast og ikkje kjøpt meg noko av dette merket. Uansett kor lyst eg kanskje har hatt, har eg stått i mot og vist integritet og sjølvstende. For eg er jo inga hermelus.....

Likavel har det snike seg inn ein lampe......og litt lys og såper...som har vore gåver. Og de anar ikkje kor godt det er at folk ikkje tek hensyn til mine prinsipp når dei skal gleda meg.... og til dei i min  omgangskrets som tenkjer på julegåver alt......
- eg skal i allefall ikkje kjøpe meg slike lysfat eller skåler frå Tine K som alle andre har, nei det skal eg i allefall ikkje.....


2 kommentarer:

  1. Hehe, det er viktig å være prinsippfast:)
    Ønsker deg en flott helg.
    Klem

    SvarSlett
  2. Godt det fortsatt finst nokon som er prinsippfast..
    Men gåver seier ein no ikkje nei takk til ;-)

    God helg klem

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.