Som dei som har fulgt med veit, vart eg for ei tid sidan so voldsomt bergteken av nokre fiken eg fann til salgs på Coopen. No viste det seg at desse fruktene var i minste laget modne, så dei fekk liggja romsleg og godt i kjølehjørnet vårt eit bel, til eg fann ei passande oppskrift å prøve dei ut på. Eg må sei dei fallerte fort. I går måtte eg redda dei ut og dandera dei opp, før dei trekte sitt siste sukk der inne i kulden.

No må eg sei eg vart litt skuffa, for desse energibombene er no so søte og rike i turka form...om enn ikkje so vakre, so eg tenkte at ferske og friske måtte verta noko heilt himmelsk. Men dengong ei...

Så moralen må vel vera her, at da e betre å la sola og varmen turka oss inn, te me vert gamle skrukkete skinn...slik at smaken er framleis søt og raus. Istaden for å leggjast på kjøl og eldast glatte, men mygla og sure...