lørdag 25. oktober 2008

Siste rest av sumar...

lukka eg inn frå hagen i dag. Det er surt å vere på Vestlandet denne helga. Vind, flaum og striregn. Trugsmål om mange minusgrader neste veke fekk meg ut i hagen. Eg tok alle roseknoppane som var att inn hagen og laga meg ein liten, provisorisk roseknoppkrans...

Siste pust av sumar..




Som vanleg ein regntung laurdag i oktober var det bedehusbasar i dag. Tre og ein halv time med andakt, song og åresalg.

Sat der og drøymte meg vekk, til hennar mor sine kvinneforeningar. Då eg var liten kom kånena ein gong i månaden. Dei fekk kaffi og kaker. Saman hekla og strikka dei vinstar til den årlege bedehusbasaren. Då var det mykje flott husflidsarbeid å vinna. I dag var det kjøpesaker for det meste. Eit og anna strikkapar med sokkar var der no. Sjølv vann eg 20 kg poteter :)

So tenkte eg då, at i desse retro tider, kanskje me skulle ha starta oppatt ei kvinneforening, med kaker og strikketøy?

..jaja...snart er det jul...

15 kommentarer:

  1. Jeg er også oppvokst med kvinneforening, så jeg blir gjerne med jeg....men må vi møtes på midten...eller ein gong her og ein gong der!!
    Nydlege roser du viser...skulle ha vært i hagen og fiska inn litt ja...tok inn ringblomar i går som står så fine!!

    ha ein vindfull aften ;)

    SvarSlett
  2. So flotte kransar, me held fast i denne sumaren!
    Gjekk det greit at eg lånte ordføraren din i dag!? Tok den kjekkaste eg fann, når eg googla "snorklipping"! (fnis)
    Basar ja..fenomen det! Eg sendte manen og ungane avgarde i går, eg får tresmak i revo... Men dei var flinke desse damene- får nesten pustebesvær når eg sit å klipper dukane deira opp og syr om!
    me ungane gjekk også på forening! Me gjekk hos desse flittige damene, jenteforening! Loddsal og brodering! Det kunne eg jo tenkt meg å starta opp for ungane i nabolaget, eg set dei til å skjæra ringar! (...)

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. ja nostalgien lenge leve...
    vaks opp med dette,- herlig- og kor me gledde oss til basarene...!

    høyres ut som du kjem ifrå omtrent det området eg vaks opp.. ( kjem frå same øy som tante mimmi)

    snakka med mor mi idag, ho snakker om basar fortida, den skal av stabelen den 31. okt. Og disse kånene, -strikker og syr, selger lodd til den store gullmedalje,- kjøper gevinster, og til slutt på basaren, stiller dei opp med haugevis av mat...

    denne dugnadsånden må me nesten ivareta,- så eg blir med deg på kvinneforening.. ( tji-hi)

    SvarSlett
  5. men ville óg sei at kransen er så vakker...

    SvarSlett
  6. Hej! Så trevligt att du kikade in hos mig så att jag hittade till dig. :) Vacker krans och lika bra och plocka knopparna om det är frost på väg. Här viner vinden om knutarna! Riktigt höstväder. :)

    Ha en fin helg!

    SvarSlett
  7. For en fin blogg du har og for en nydelig rosenkrans du har laget av rosene fra hagen:)
    Å når du snakket om kvinneforening, så kom jeg til å tenke på koselige minner fra da jeg var lita og min nå avdøde farmor tok meg med på disse møtene.... gode minner som dukket opp...

    Ha en fin søndag:)
    Klem fra Kate:)

    SvarSlett
  8. Nydelig krans, og bilder!!!!!

    Ja, jeg blir lett med, er veldig for kaker, og så kunne jeg kanskje lært meg å strikke:)

    Hold på hatten!

    SvarSlett
  9. Tuusen takk for gratulasjoner, det varmer!! Ja, jeg sier gamlingene, litt spøkefullt da ;0) De unge, det er barna våre som er fra 16 til 30 år. Dessuten er gubben 12 år eldre enn meg, så "gammel'n" det er et kjælenavn jeg har på han :0)
    Så nydelig rosekrans du har lagd!

    SvarSlett
  10. Vakker krans!Og bildene dine er som vanlig nydelige :o)

    Klem

    SvarSlett
  11. ..hallaien!! lerretet ja..det store er vel 80x80, det avlange 90x40 og det minste med kjolen er bare 20x20...soleis vet du ...
    Har sett Varg Veum film på veggen i stova i kveld...bra, men av og til litt kunstige episoder spør du meg..Ja du får ha ei fabelaktig veke..og når kan du ta Isdalstø-tur da?? Klem ;)

    SvarSlett
  12. God morgon :) Tusen takk for kommentar. Eg føler meg alltid litt teit når eg skal svare på slike spørsmål om pris, moms og toll fordi eg ikkje har heilt peiling. Men så lenge dollarkursen har vore gunstig - så har det svart seg veldig å handle frå USA. Eg bestiller stoff for akkurat i underkant av 200 kr, og då slepp du betale moms og toll. Så kan ein heller bestille litt oftare (vert jo ikkje dei heilt enorme mengdene med stoff når ein ikkje overstig tohundrekronersgrensa). Det kjekkaste av alt er at ein får tak i stoff som ikkje alle andre har, og eg personleg vert veldig inspirert av fine unike stoff :)

    Nydeleg krans du har laga. Eg er også vaksen opp med ei mor som hadde klubb, og to bestemødre som hadde forening :)

    SvarSlett
  13. Ser du har vært inne og sett på maleriene mine:-D Og det du likte, ga jeg bort som Doktorgradgave til naboen her i sommer. Flink kar som har skrevet om toghistorien i norge. Spennende! Syns han fortjente en liten gave da.
    Og såå flott kiste under her!! Liker sånne godt! Og spennende og flotte ting kan ligge oppi.
    Skal ut og ta inn enda mere fra hagen jeg og. Blir liksom aldri tomt. Stormen Ulrik tok med mye blader, men fortsatt mange blomster igjen.
    Nydelig krans:)

    Ha en fin dag:_)

    SvarSlett
  14. Som alltid viser du slike nydelege bilete! Rosekransen var akkurat det eg trengde å sjå bilete av i dag. Mammapermisjonseventyret mitt er over i dag, så i natt er eg tilbake på jobb, kan dessverre ikkje seie at eg gledar meg stort...
    Mykje kjekkare å vere heime med veslejenta, vere blid og relativt utkvild kvar dag når mann og dei andre ungane kjem heim frå jobb/barnehage/skule, ha eit nokonlunde reint og ryddig hus til ei kvar tid... Men slik er livet! Skulle det brått dale tusenlappar istadenfor regn frå himmelen her, ja då skulle eg tatt meg fri frå jobben eit par år til! Men det er nok ein urealistisk tanke...
    Håpar forresten at nakkekinken din har gitt seg?
    Eg har ei utmerking til deg på bloggen min, og med den ynskjer eg deg ei god veke!
    Klem :)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.