mandag 27. oktober 2008

Om å kle av seg, eller handlar det om å kle på seg?

Det handlar i alle fall om bøk. Og kva ein les og ikkje les. Om det ein les gjer deg til den du er, så er dette både påkledning og avkledning.

For nokre dagar sidan fekk eg ei litterær utfordring av Astrid i Frå eit A4-liv. Eg stel ordlyden i utfordringa frå Astrid sin blogg: Eg skal vise fram bøkene i bokhylla mi som er til inspirasjon, nytte og hygge.

Dette vart litt slik innoverskuing dette. Eg trur ikkje nokon her ute er voldsomt interessert i ei djuptfyljande utgreiing om mitt forhold til bøk generelt. Men eg kan kort sei at det er eit godt forhold.

Ikkje alle bøk til hygge har eg i bokhylla. Dei fleste i den kategorien finn eg på Folkebiblioteket i Bryggjeslottet :) Det er også med litt tristess eg må innrømme at eg ikkje har interiørbøk ståande og smile i bokhylla heller. Men eg har blad!!!!



Eg har i haug og dung, eg har i kister og i kassar og eg har på nattbordet og under senga. Favoritten her er heilt klart danske Isabellas. Der sit eg på så godt som alle utgjevne eksemplar.

Eg likar krim og har hatt favorittar som Jo Nesbø (frå fyrste bok), Liza Marklund, Mary Higgins Clark, Henning Mankell og Gert Nygårdshaug. Sistnemte har også forfatta ei av mine favorittar når det gjeld skjønlitterære bøk, Himmelblomstreets muligheter.

Ellers likar eg Hamsun (utan andre sympatiar :) og Bibelen er også med i bokhylla. Herifrå er mitt kjæraste sitat: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for sjela. For mitt åk er godt, og mi bør er lett.» Matt. 11.25-30.

Sjølvsagt har eg mengder soppbøk som eg stadig hentar ut or bokhylla og les som om det skulle vere anna smusslitteratur. Kokebøk og handarbeidsbøk er også avhengig av. Ein klår favoritt for augneblinken har eg allereie skrive om her. Ingen av paiane eg har laga frå den var anna enn fantastisk.

Eg likar gamle klassikarar som An-Magritt av Falkberget, Hellemyrsfolket av Amalie Skram og historien om Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset. Men slit litt meir med dei moderne variantane, Isfolket mm.
Ellers må eg tilstå at eg brukar internetten mykje. Eg arbeider digitalt i arbeidet mitt og er online 20 timar i døgeret. Det seier seg sjølv at eg hentar mykje inspirasjon, nytte og hygge derifrå, og sjølvsagt som ein konskvens av dette har IQ-en vorte redusert ein del på dei siste åra :)

...gurimalla, dette vart eit turt innlegg. Eg får avslutta med noko meir saftig.

Ulvemjelk heiter denne flotte soppen.

Og utfordringa sender eg vidare til Marit i Miamor.

4 kommentarer:

  1. Saftig slutt må jeg si....ikke tørt resten heller etter min mening.Men det kommer fra ei som er oppvokst på biblioteket da!!! En framifrå barndom!!! Bør vel kle PÅ deg de nærmeste dagene, Britt, da det er meldt litt kaldare her vest!! men ikkje så kaldt som "Iskaldt bedrag!...en av mine favoritter denne høsten! So longe...

    SvarSlett
  2. Oi..så ikke før nå at jeg hadde fått utfordringa..den tar jeg vettu..får se NÅR det blir da!!! Dan Brown ja...var litt skeptisk jeg og da..og det er ingen Bibel...men den har heller ikke forandra noe på innholdet i DEN boka for meg!!..og jeg syns det er greit å vite hva folk snakker om...ser ikke Hotel Caesar av den grunn altså..så kan ikke ta den teorien HELT ut!! Kjenner du forresten Karianne som bodde i din dal noen år!! Trønder som jeg!!Sykepleier også, som jeg...

    SvarSlett
  3. jada det stemmer.lærer var han ja...det morsomme er at hun leser bloggen min hver dag...har ikke hatt kontakt med henne på lenge, men så dukka det opp en sms om at hun er innom bloggen hver dag...det var trivelig!! ei jente og en gutt ja...sikkert blitt litt10 og 8 eller noko slikt??? Nei no må dei iseng her..tenåringer òg!! Ellers blir morgenen så lite trivelig;)

    SvarSlett
  4. Woops..4 kommentarer fra meg ja...som tante Mimmi hos meg det ei stund..skreiv et ord i hver kommentar for at jeg skulle bli så glad for å få maange kommentarer ;)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.