fredag 10. oktober 2008

No kjem laurdagssnope!

Kvar torsdag skreiv ho mor sirleg ned i handleboka alt det me trengte heile neste veka. Varekassen og handleboka for oppøve med bussen fredagen.


Laurdag kom kassen nedatt, med bussen. Full i varer. Så full som denne kassen kunne verta.

Og heilt på toppen låg påsane med laurdagsgodt. Tre posar. Ein til kvar av oss ungane.


Inni påsen fann me, ein nox, ein liten sjokolade og ein raud kjærleik på pinne, eller hugleik på staur som dei moderne seie da ;)

So var det barnetimen på radio med høyrespelet. Huset var nyvaska. Ho mor hadde baka brød. Skåpa var fulle med "kjøpemat". Snakk om helgastemning.

Da seie vel seg sjølv at det er far min som har snikra kassen. Alt slikt måtte snikrast når da trengdes. Dei var fele til å snikra før.

No har eg dilla litt med varekassen frå 70-talet, no får han ikkje reisa med bussen meir, no står han og passar på dei fine stoffa mine.

4 kommentarer:

  1. Koseleg historie bak den gamle kassen!! Kjekt med slike gamle ting som har verdi for ein og som ein kan bruke eller ha til pynt sjølv :o)
    Ønsker deg ei superfin hausthelg med masse kos!

    SvarSlett
  2. Så herlig historie:-)
    Ha en herlig helg, og kos dere med lørdagsgodt:-)

    SvarSlett
  3. Så koselig! Kjekt med slike minner:)

    SvarSlett
  4. åååå..barndomsminner...Nox husker jeg ja...vi fikk 10 kroner den gangen til påske, og fylte et svært påskeeg..og da mener jeg svææært!!

    Herlig at du tar vare på ferdaminner...det er røttene våre!!

    Nei. da ingen Phantom of the Opera her... Er forsanger i kirka vi går i , og har i maaange år vært i gruppe med Magnar. Han har mange strenger å spille på bokstavelig og billedlig talt!!

    God helg..med eller utan lørdagssnop..

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.