lørdag 4. oktober 2008

Interiørvertigo....

Då me flytta inn i huset vårt nokre år tilbake, hadde eg ein tanke, ikkje heilt gjennomtenkt, men dog ein tanke om korleis eg ville ha det. I åra som har gått har eg smått om senn skifta fokus og bytt ut nokre gamle element med nye. Dette har skapt ubalanse. Eg kan ikkje fordra ubalanse ...for då vert eg så forferdeleg svimmel....

Kjenner eg vert frustrert fordi eg ikkje heilt veit kvar eg skal interiørmessig, og derfor er langt unna å kvitte meg med denne interiørvertigoen...


Nokre gonger vert ein heilt blind av å sjå korleis andre har det. Nokre gonger vert det til inspirasjon, andre gonger vert ein rett og slett forvirra. Prøver element som fungerar god hjå andre og finn heilt klårt ut at det gjorde det ikkje hjå deg.....og har ein då bora store hol i veggen eller flytta døra, då sit ein i klemma..........

I det siste har eg tatt meg i å heilt oversjå heilt klåre retningslinjer eg etter mange års prøving og feiling har komme fram til. Eg gløymer rett og slett litt kven eg er og kva eg eigentlig tykkjer er vakkert.

Eg brukte alltid god tid, eg leita og eg surfa før eg bestemte meg for kva eg skulle kjøpe og kva eg skulle ha kvar. I det siste har eg heilt planlaust drive impulsprosjekt som har resultert i interørmessig kaos i heimen. Eg har alltid hatt ei klår meining og med sikre steg vald min eigen stil. Eg har stått for det eg har tykt var vakkert uansett kva andre sa. No opplever eg at eg er vorten ei hjelpalaus "interiør hermelus" utan eigen smak. Der alt skal sjå ut som slitne tablå frå "Vakre Hjem og Interiør". Eg som eigentleg er ei "Isabellas". Gubbevaremegvel! Eg vurderar nokre timar i seriøs interiørterapi....

Ja, ja..då får me vaske ned det me har av hus og bruke høsten til å koma i vater att :)

4 kommentarer:

  1. Interiørterapi kan nok treng for flere...Kan heller ikke helt få alt til å stemme helt her heime...er ikke bare å adoptere andre sin stil...men det ser jo så fiiint ut hos andre, men er det meg...eller OSS!! Det er jo flere som bor her òg!!

    Vaffelrøra er laga, så nå venter vi på gode venner...nam.nam..

    SvarSlett
  2. Å nei!! Skjønner godt at det laaangt bortgjemte voldelige vesenet som du ikke kjenner så godt, kommer krypende ut av skallet sitt ja...Den hjorten, slå han ihjel og server han til søndagsmiddag med deilig sopp og tyttebær...til pass for styggen!!!
    Og godt for ganen....

    SvarSlett
  3. Hos meg så ligger det 2 koselige utmerkelser og venter på deg :o)

    Klem :o)

    SvarSlett
  4. Hei,tror at alle mer eller mindre har det sånn i perioder.At man vingler litt frem og tilbake.Vi blir vel ganske påvirket av det som skjer rundt oss,og det forandres jo ganske ofte.Men det viktigste tror jeg i lengden er å stole på sin egen smak.Da vil du få din egen peronlige stil og det tror jeg du blir mest fornøyd med.Ha en super fin kveld(kan hende det nå finnes en sykolog som har spesialisert seg på interiør)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.