tirsdag 14. oktober 2008

Haustleg hagevandring

Då eg kom heim frå arbeid i går, tok eg meg ein tur i hagen for å sjå korleis det stod til etter hauststormane og hjortebesøka....

Denne løvemunnen har blomstra fint i fleire månadar no. Det siste regnet har tatt litt hardt på, men fargane beheld den enno...

Baldblomen min har kome med ny knopp. Den hadde blomstra seg ferdig tidleg i juni...trudde eg...

Nellikane mine har blomstra i heile sommar, denne her øvevintra frå i fjor.


Denne storknebben kjøpte eg i haust. Den var ofseleg dyr og skal vere eit unikum som blomstrar rikt heile somaren. Hausten og ser det ut som.


Lavendelen er litt sliten no. Men etter å ha lese i eit blad at ein burde la den stå sidan den var så vakker med frost og snjo på...let eg meg påverke...og her står dei....og ventar på vinteren.

Slik ser det ut når hjorten har ete rosebuska. Ein knopp slapp unna hagevandalen (dei har skote den aktuelle hjorten no, så hagen min har fått stå i fred dei siste vekene) og blomstrar for harde livet.

Klematisen med alle knoppane som hjorten åt lever enno. Her ein knopp som kom seg unna.....


Storhjelm...eit eller anna. Sliten men enno oppreist.


Slik er alderdommen.....


Trur nok dei fleste har eit heilt anna bilete på netthinna når eg seier...peon.


Jammen meg hadde ikkje New Dawn fleire roser på lur....


Denne rosa, som eg ikkje kjenner navnet på (me kallar den Bjørgrosa etter dame me fekk den hjå :) har enno mykje å gje.

Ei anemone som alt gler seg til neste sommmar.



Vakker, men her er nok alt håp ute.....

Må de alle ha ein særs flott haustdag!

4 kommentarer:

  1. Ønsker deg en nydelig høstdag også!Her henger tåka tungt i dag men om litt så bryter nok solen igjennom tenker (håper) jeg :o)

    Klem

    SvarSlett
  2. Vakre bilder, fra en meget dyktig fotograf:))
    Likte kontoret ditt under, det ble jo kjempebra, og lyst og ledig...hehe;)
    Og brura i vatnet...hahahaha...det må jo ha vært helt tragisk, men kjent jeg ble litt stressa...hehe;)uffameg...
    Nei, må ut å sjekke ut Spidermann igjen...hehe;)

    SvarSlett
  3. Hjorten er hos oss dagleg, no syns eg jegerane får gjøre jobben sin! Har omtrent ikkje hatt blomar på rosene mine i sommar, ganske surt... No er eg i tvil om eg skal bry meg med å kjøpe tulipanløk, vil jo ikkje bruke pengar på å fore opp udyra til våren! Et dei tulipanar hos deg?

    SvarSlett
  4. Flotte bilder!! Utrulig hva en kan finne sjøl om en tror det meste i hagen er avblomstra. Fant faktisk en Flammentanzrose i dag, den blomstret fra seg i juli/august.
    Spennende storkenebb du har, husker du navnet kanskje?

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.