fredag 1. mars 2013

Blott te(a) lyst


If this is coffee, then please-bring me some tea. But if this is tea, please bring me some coffee.
~Abraham Lincoln (1809-1865)

Eg er inga te-kjerring. Eg er ei tå dei so syns te e verre enn da mesta. Ikkje da, kaffi e no ikkje særleg godt heller, om ein ser slik objektivt på da, men da e no da eg drikk.  Ein gong for å ha nåke å seie, so sa eg at te var varmt vatn med lukt, kun egna for lærarstudenta som sit snusfornugtige og drikk i blå keramikk. Utsagnet fall ikkje berre til jorda som ein stein,  nei det vakte harme. Aldri har eg fått passet mitt so til dei grader påskrive. Kort oppsumert vart me kaffidrikkarar redusert til annenrangs borgarar medan tedrikkarane sat med sjølve svaret på livets gåte. Eg har vore meir forsiktig med min tekritikk etter det...



..og kvifor skulle eg no eigentleg ikkje det. Eg har dei herlegaste veninner som drikk te, og nettopp for dei måtte eg på tekannehandel etter at den gamle frå Ikea sa PFOTT og delte seg i to heilt på eigahand, her hin dagen. Eg har sett litt rundt og lika godt den til Eva Solo med strikkajakka og nokre sjarmige med gullprikkar har eg og vurdert. So hin dagen på Patina kom eg over denne dama. Det er ei orginal Sadler tekanna med nummer og signatur. Ein liten skatt i mine auge og med herleg gull som eg har ein liten fetisj på akkurat no. SO no kan de komma og drikka te hjå meg...lærerinder og andre... :D

10 kommentarer:

  1. Eg gjer det enkelt og seier Ja takk til begge delar :-)
    God Helg!
    Snart klart for ein ny hagesesong!
    Klem

    SvarSlett
  2. NYDELIGE BILDER
    SAMME HER DRIKKER VERKEN TE ELLER KAFFI..
    ØNSKER DEG EN VAKKER HELG
    KLEM ELI:)

    SvarSlett
  3. Nydelege bilder og fargar! Korleis får du til å legge to og to bilder ved sidan av kvarandre? Eg får det ikkje til på bloggen min anna enn viss eg brukar collage. Har det noko med kva mal bloggen har?

    SvarSlett
  4. Haha! Godt sagt. Eg kjenner meg att, for eg er ingen tedrikkar heller. Og eg har gått på lærarskule. Men nydelege bilder og fin tekanne.

    SvarSlett
  5. Nei, ikke et vondt ord om tedrikkere ... jeg har svelget min andel fra blå keramikk (vervepremie fra Bokklubben ;)Ellers må jeg jo si at dette var lekre bilder ...
    Jeg sliter litt med blogg-engasjementet for tiden, men i dag fikk jeg endelig klort ned et innlegg. God helg til deg :)

    SvarSlett
  6. For en nydelig tekanne, og vakre-vakre bilder også;) Jeg kan godt like te- men det drikkes nok mest kaffe. Tedrikkere fremstår kanskje litt mer sofistikerte og intelektuelle enn kaffidrikkere? Men kaffe er jo så mangt i disse dager også;)
    Fin fredag til deg- håper du får tedrikkere på besøk snart;)

    SvarSlett
  7. Kjempeflott!!
    Jeg er tedrikker. Har ikke blitt så voksen at jeg har fått smaken på kaffe, men jeg kan tvinge det ned når nøden er stor (med masse sukker i)

    Ønsker deg en strålende første vårdag.
    Klem

    SvarSlett
  8. Haha ! Flotteste kanna. Jeg er en tedrikkende lærerinne... Men på morningen er kaffe et must. D

    SvarSlett
  9. Ja takk, eg kjem gjerne te litt te :D Eg har rett og slett nett lært meg å setta pris på te, takk vera ein ny kollega som introduserte meg for Pukka te i ulike variantar. Så får kaffien litt konkuranse på jobb i alle fall.

    Lekker te kanne da! Eg får litt sånn Alice i eventyrland vibber av den i grunn.

    God fredag og helg til deg!

    Klem Eli

    SvarSlett
  10. Takk for omsorg! ♥
    Og du, eg skulle gjerne tatt meg ein tur for ein te-kopp ;-)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.