torsdag 30. august 2012

Rognebærgelè




Mi oppskrift er litt slik på slump. Eg tek nokre nevar med rogenbær, la oss sei fire-fem fulle. Frys dei ei natt. Legg dei i ei gryta og tilset 1 eple, 1 kanelstang, 1vaniljestang og ca 2 -3 dl vatn
Kokar dette til bæra fell saman og silar av i klede.
Tilset litt mindre enn halvparten sukker som saft og kokar dette opp i ei gryte. Skum av og kok til safta består geleprøven. Hell på nykokte glas.  Denne oppskrifta vil berre gje nokre dl med gelè.

Rognebærgelè er godt til vilt og i sausar. Men slik som denne, med kanel og vanilje, gjer seg også veldig godt til ost.




5 kommentarer:

  1. Nam! :) kanskje eg må prøva meg. Gir gode barndomsminne! :) Du tar altså berre dei lekraste bilete! Dette er jo betre enn all verdas glansa interiørmagasin. Fantastisk styla. Dyktig dama! :D

    SvarSlett
  2. I love your blog, so nice pictures about food and nature. Your house is really beautiful and I found here a lot of inspiration. Today I will speak about your blog on mine, I took some picture to show how much beautiful I find here. Greetings from Italy, Silvia
    shabbychiclife-silvia.blogspot.it

    SvarSlett
  3. Nydelege bileter- vakre fargar- god komposisjon og fristande matrettar! Du har eit talent her!
    Ønsker deg en flott Høstuke og gleder meg til neste innlegg....
    Mvh Monica

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.