lørdag 18. august 2012

..ein bloggar si tilståing..

øve morgonkaffien... (reblogga frå sommaren 2010)


Eg har alltid rekna meg som ei som går litt på skrått i gjøno straumen. Ikkje heilt i mot, men heller ikkje heilt med. Berre daud fisk søm med straumen seie dei, sikkert både sant og usant i det. Da e ofta kjekt å tru at grunnane til våre val er veldig høgverdige, at me er meir genuine enn andre kanskje. Min grunn har som oftast vore penga. Å reisa med straumen kostar ofte litt penga. Ikkje noko svært høgverdig med det, anna enn at eg ikkje vart heilt A4, faktisk kanskje litt meir A5 til tider...
So vart eg bloggar og kjende kor desse straumane vart sterkare og sterkare og plutseleg hadde eg kjøpt meg både da eina og da hitt...som eigentleg ikkje var heilt meg. Ein dag vakna eg opp i eit kvitt blonde helv..... og visste at eg hadde gje for langt. Då eg endeleg hadde kara meg til bake til min eigen stil hadde eg uforvarande kjøpt meg nokre koppar frå Green Gate...kanskje det mest straumeførande som fins i år. Fine nok, men ikkje akkurat praktiske som karane her pekar på, eg må gå frukostkaffirunden med arbeidshandskar på for å ikkje brenne fingrane av meg....

Og her i går greip eg meg sjølv på fersk gjerning rett før eg kjøpte eit middels stort famileservise av da sista nya ...PIP.
Herregud!
Eg hadde lese at PIP var for vidarekomne, dar GreenGate var for allmuen, og kven vil vel ikkje rekne seg blandt dei vidarekomne? Før eg visste ordet av det var eg vorten slaven din... interiørbloggemonsteret...med dei strie straumane dine... 
To koppar.. litt ubrukeleg Green Gate, og eg var fortapt. Eg hadde røykt min fyrste joint og no er det gjort...

4 kommentarer:

  1. Ååååh, jeg elsker alt du skriver!!! <3

    Fortsett å være A5 og skaff deg bare det DU vil ha... ikke hva verden rundt vil putte på deg!

    Herlig herlig herlig tilståelse, og hvis jeg har lov, tilgir jeg deg gjerne :-)

    Vennlig klem fra kjerringa mot straumen;)

    SvarSlett
  2. He he...artig. Det er jo veldig inn for tiden å si at man har en personlig stil, men sannheten er at vi er trendnisser hele gjengen. God helg :)

    SvarSlett
  3. Jeg kjenner veldig på dette nå...
    Nå som vi for første gang får eget hus og
    litt mer plass og fylle enn 68 kvm.

    Leser jo interiørblogger for å få tips og ideer,
    men til slutt blir jeg usikker på hva som er min
    smak og hva har synket inn der ubevisst underveis...

    Viktig påminning!
    Takk for at du er så ærlig på det...

    SvarSlett
  4. been there.. done that ; )

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.