torsdag 7. mars 2013

Eit lite tilbakeblikk

Hald deko fast for her kjem eit langt innlegg. Dette er historia te glashuset vårt.


   

Det starta vinteren 2010. Eg såg vindauger verte skifta ut i eit eldre våningshus i dalen. Dei var beint for flotte til å kassera.

Det tok si tid å skaffe bil og folk som kunne hjelpe meg å transportere dei store glasa heim te gards. Eg fekk far min med ein tidleg vårdag i 2011, saman fekk me dei glasa som kunne brukast  med heim. Glasa hadde lege ute snart i eit år og kvaliteten var so som so.

   

Ein skulle vel eigentleg tru at herifrå burde det vere grei skuring. Men nei, glasa fekk pryde innkjørsla vår ein vår, ein sommar og ein halv haust. Etter mykje mas og gnål fekk eg karane (far og mann) med på å setje glasa på lekasteinane me også hadde fått heim.

   

..før vinteren kom fekk me også eit provisorisk tak på plass. Da gjeld å halde fast på draumen og leggje filter øve augene når ein såg på det det heller skabbete byggverket so lente seg mot huset vårt ein heil kald vinter...eg veit ikkje kva dei sa på bygda, men eg har ei lita aning...

   

So kom våren og draumen vart endå sterkare. Eg rigga meg til i den kalde vårsola og let draumen leva.

 

So kom mars og karane stilte opp og huset vart så godt som ferdigstilt. Ungane hjelpte til mot rikeleg med truslar og god betaling :D

   

...og slik eit og eit halv år etter at prosjektet starta, var me så godt som i mål....

    
    
    

...da va verkeleg eit GDS-prosjekt for heile familien der alt utanom lekaen er resirkulert!.. og den harde sanning..at utan mannfolk hadde det aldri gje...



14 kommentarer:

  1. Det er så flott at!
    Eg og skal ha eit slikt ein gang.....
    Mvh Monica

    SvarSlett
  2. For et nyyydelig glasshus dere har laget og så mange herlige planter og blomster som det var på bildene!! Jeg kan tenke meg det er deilig å sitte der inne om sommeren blandt alle de vakre fargene, kjenne varmen og fuktigheten. Det som gjør glasshuset spesielt fint er at du brukte gamle vinduer, det gir huset ekstra sjel...dere har vært kjempeflinke!! Det var veldig gøy se alle bildene og utviklingen.

    Ha en riktig fin dag, klem:)

    SvarSlett
  3. Her kunne jeg bli sittende lenge og bare nyte de herlige bildene dine. Sameiet går nok ikke med på et slikt glasshus, så da er det så kjekt å se på andre sine bilder. Herlig!

    SvarSlett
  4. Store byggverk tar jo tid å bygge, men du verden så flott det ble.. Forstår godt at du koser deg der.

    SvarSlett
  5. Koslige bilder, og så flott det ble. Nå fikk jeg virkelig lyst på et lite drivhus jeg også. Kjempekoslig ble det hos deg, sikker på at du kan forlrnge sommeren masse der.

    Hilsen Tove Kristin

    SvarSlett
  6. Så moro å få se og lese. Det ligner på de jeg drømmer om.... Takk for titten. D

    SvarSlett
  7. Herlig tilbakeblikk med flotte bilder!:)Hilsen Else Britt:)

    SvarSlett
  8. Fantastisk å se utviklingen :) Dere har vært så flinke! De har muskler og du har hode.. hehe ;)

    SvarSlett
  9. Kjekt å sjå prosessen, og for eit resultat! No kan du berre kose deg med drivhuset, og det rigger veldig bra på huset også synes eg. God helg! klem

    SvarSlett
  10. wunderschöne bilder!!! viele grüße von angie aus deutschland

    SvarSlett
  11. Hei! Veldig fint glasshus. Lurer på et par ting: Hva består taket av? Og er lecaen festet til gulvet på noe vis? Jeg får straks noen gamle vinduer selv, og funderer på et glasshus.

    SvarSlett
  12. Hei! Veldig fint glasshus. Jeg lurte på et par ting: Hva består taket av? Og er lecaen festet til gulvet på noe vis, eller bare stablet? Får noen gamle vinduer selv snart, og sysler med glasshus-tanker.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Eg svarar deg her sidan eg ikkje kom noko veg med googleprofilen din. Lekasteinane står rett på terassegolvet. Dei er ikkje murt eller noko, kun halde på plass av tyngdekrafta. Vindaugene er sett oppå dei og står godt pga. tyngda. Me har brukt litt plank i hjørner ol. Døra er ei gamal terassedør som er kappa så den ikkje vart for stor. Taket er laga av plank og tjukk gjønosiktig plastikk brukt i drivhus.Då vert i taket ikkje så tungt og eg bruka mekaniske lyftearmar som lyfter opp taket når det vert for varmt.Taket er festa i husveggen med hengsler.

      Håpar det var til help

      Slett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.