onsdag 26. oktober 2011

Flanellografmannen...

Flanell (av fransk flanelle) er ein lett og mjuk vevnad av ull, bomull eller kunstfiber som er lett rua på den eine eller begge sidane. Bomullsflanell har eit lodekke som i regelen blir danna av eit laustvunne garn i veften som blir rive opp.
Tynt flanellstoff vert brukt mellom anna til natt- og sengety. Tjukkare flanell vert mellom anna bruka i flanellografar.

 

Mannen i huset elskar flanell! Og då meinar eg E L S K A R flanell. For å vise at eg spelar på same lag som han, kjøpte eg eit sett Høye flanell no i haust og da har vore i bruk sia dess.


 

No er det slik at sengesettet var eit forhandlingskort i debatten om Mannen skal få kjøpa seg ei flanell skjorta eller ikkje. Han drøymer om ei tjukk og god flanellskjorta. Eg seier at då kan han lika godt gje opp. Då er ungdommen over, og han som har langt att til 40, vil då skli rett inn i 60-åra. Da einaste so mangla è pipo.

 

For å gjere freistinga endå større har Coopen tilbod på flanellskjorte og ullgensarar til kara og kvins som likar slikt. Eg trur det einaste som held han tilbake er at eg trugar med tvangsoppløysing av heimen om han kjøper seg ei. Ein kveld låg han og grunna lenge, so kom det tynt.... "eg trur kanskje da ville halde med ei T-skjorta", ...ei undertrøya i flanell ville og gjere meg lukkeleg.....

 

Og eg forstår at karane er enkle å gleda. Når da e alt han treng for å finna lukka, trur eg at eg godt kunne tenkt meg å vore kar frå tid til anna. Ja, ja. Sengetøyet får halde for no, det er ikkje tynt og mjukt, men tjukt og  kløete, kanskje meir som ein flanellograf spør du meg. Ikkje eingong utslitne sundagsskulefigurar hadde ramla av her. Og vinteren kan berre komma, strengt tatt trur eg at me kan sova ute.

12 kommentarer:

  1. Syns kanskje du skulle sydd ei flanellstrøye til mannen din :) Så kan han ha den under en vanlig skjorte :)

    Sengetøyet så veldig fint ut, forresten, men hvis det klør er det kanskje ikke så behagelig som det ser ut.

    SvarSlett
  2. Å for noen herlige bilder. Fikk lyst å legge meg, med en gang!

    Tror jeg må ut å kjøpe flanellsengetøy. Det står nemlig på ønskelisten nå som høsten er her!

    SvarSlett
  3. Å, skikkelig høst soverom! Så lunt og godt. Fikk lyst å hive meg oppi! Haha! Og så tøff bloggen er blitt - makeover? Likte stilen. Ha en fin dag!

    SvarSlett
  4. Nydelige bilder.
    Men du, det finnes jo ikke noe mer sexy enn menn i rutete flanellskjorter, dongeribukser og litt ubarbert
    Naturemen I like he he.

    SvarSlett
  5. hmmmm Kan det stemme at du har veldig myk hud, og gjerne litt flosset? Siden du er elsket av en flanellmann? Jeg elsker også flanell, og har flanellsengetøy som slett ikke er like pent som dette. Mitt var engang veldig pent, men i første vask ( arrangert av min mann) endte alt med å bli blått...også det som engang var hvitt og blått i rutemønster. Ergo er det bare effekten igjen! Men må jo si at jeg er imponert over at du BÅDE har flanell og stilig soverom...Utrolig fint var det;) Og kult med høsteffekter og sånn:) LIKE IT!

    SvarSlett
  6. PS: Er uenig med ide-puffen...huttetu...og må også si at lampene dine er knallfine!! DS.

    SvarSlett
  7. Hahahaha! Du er så kul. Det var jo kjempetøft med det røffe sengetøyet saman med skinnfell osv, men eg er nok i din "likar-ikkje-flanell-på-seng-eller-mann"-kategori! USJ! Altfor varmt, stygt og ekkelt. Sjølv om dette som sagt, faktisk, var stilig! ;)

    onsdagsklem

    SvarSlett
  8. ..mange veivalg i livet.hehe.fint at du tok litt reklame for flanellografen fra barndomens søndagsskule også....!

    SvarSlett
  9. ...fekk nokre tanker undervegs om soving i flanellograf med søndags-skulefigurer osb. Synest det er kjekt at mannen din får boltra seg i flanell....Har han forresten tenkt på å gjera karriere i søndags-skulen ?? Veldig flott og lunt på soverommet :) Sov godt !!

    SvarSlett
  10. Jeg ler godt! Om det klør og kan holde fast både tollere og fariseere og et morbærtre, så ser det likevel veldig fint og koselig ut :)

    Jeg foretrekker at skapet er fritt for flanellskjorter - men det er godt og varmt å sove i flanell på vinternetter med åpent vindu.

    SvarSlett
  11. Haha no ler eg litt og tenkjer på min gode kjærast - rett nok over 50 og uten pipe, men med fora raudruta flanells-skjorte/jakke som han elskar å gå i. Det er endatil eg som har kjøpt den:-)) Ubarbert og med klatrebuske med rutete knelappar....ikkje akkurat eit glansbilde - men godaste kjæresten min.
    Må legge til at eg fant han ferdig forma for eit par år sidan så "take it or leave it" hehe

    Klem til deg frå jannetove

    SvarSlett
  12. Ha..ha...så søtt <3 Er det ikke værre så la han få seg en sånn:-) Min kjære tar ikke fem øre for å stikke på tur i lange underbukser og har ikke fått med seg at han gjør det engang... Som du skjønner...da snakker vi skikkelig forhandlinger:-)
    Sengetøyet var vakkert som en solskinnsdag... Deilig dag & Klemmm

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.