fredag 16. januar 2009

Polfarer...

No skulle eg berre til Knarvik. Men berre til Knarvik er langt nok det, for ei med det som populært vert kalla Hakkadalssertefikat.

Me har to typar Hakkadalssertefiktat. Da eina e vel strengt tatt ikkje noko sertefikat, derav navnet. Da è vel berre da at sjølv om ein ikkje har sertefikat...so kan ein kjøra bil i Hakkadalen. Da e heldigvis ikkje så mangen her med slikt sertefikat.

Da andra è slikt som eg har. Eg har sertefikat, men kan vel strengt tatt berre kjøra i Hakkadalendalen. Da e fleire tå desse sertefikata.


So måtte eg no til frisøren, slik folk må til frisøren av og til, når da gråa tek overhånd og mannen nektar å sove i same rom som ei som har brukt heimafarging.....

Sjølv om me har opp te fleire frisøra her, so e da ingen praktiserande og me må ein liten time i bil for å finna nokon som kan gjere grått svart att.

Da fysta eg gjer er å kvi meg. Eg kvir meg i fleire daga. Eg les langtidsvarsel på både yr og på storm, og skjelv i redsla for is og snjo og anna skummelt ver som kan bidra til gjere turen meir spanande enn den stregt tatt treng å vera. Og når dagen renn er eg i i korte trekk eit lite nervevrak.



Men i bilen ber det, venskapen (skjønnheten) kjem før alt. Miamor skriv så vakkert om turane sine med fint selskap som feks. Josh Groban. Hennar turar høyres so forlokkande og avslappa ut.

Eg måtte ta te takke med det husbonden hadde invitert inn. Eg må sei at eg var ikkje særleg høg i hatten der eg sat aleina med fire gamle kara frå KIZZ. Det vart så ubehageleg å ha Gene Simmons i baksetet at eg måtte stoppa og be dei gå.

Berre fø å oppdaga at ein einsam og forsoffen Jokke sat att dar bak. Eg hadde tenkt å sende han same vegen, men då han mumla noko om kor pen eg var, tenkte eg no at jaja..han kan no vere med litt lengre....heilt til eg klarte tyda: >Du er ingen fotomodell, du er ingen Garbo Jeg driter vel langt i det, jeg liker mørke og harry. Då bar det av på neste bussstopp.

Ja, ja. Eg hadde to ting å bekymra meg over. Finna parkeringsplass utan å drepa nokon ,og is....det var mange minus og redsla for at saltinga hadde vore i gnitnaste laget låg langt framme.

Etter få minuttar inn i turen skreik det tredje mot meg. Bilen var tom for bensin. Og eg er ikkje ein dreven bensinfyllar. No tenkjer kanskje du at ”gubbevaremegvel! Kor vanskeleg kan det vere??!” og då må eg få sei at sist gong eg skulle fylle olje på ein bil endte eg opp med å fylle på 2taktsolja. (og som eg no veit er den spesiallaga for mellom anna mopedar og motorsage :) so ja ingen veit kva det kunne ende med om eg måtte te på ein ukjend og skremande bensinstasjon denne dagen. Disel i spyleveska er det vel nærliggjande å tenke på....



Ja,ja turen gjekk smertefritt, både for meg og mine medborgarar. Håret vart svart att, eg svippa tilogmed innom brukthuset i Knarvik som heilt har prisa seg ut av marknaden desverre.

Da høyre til historien at eg ikkje fylde bensin uti verda. Eg kjørte med det rauda lyset heilt til eg var heimatt og kunne pusta letta ut ved pumpene på Mo....og då eg stod der kom eg til å fundera øve..om han dar Jokke kanskje hadde vore inne på noko likavel....

..om nokre undra seg over overskrifta so høyre da med til historien at me må til Knarvik for å finne nærmaste pol... :)

11 kommentarer:

  1. Hihihi utruli bra skreve:-) Ej formelig ser dej for mej. Vakre bilde på bloggen din forresten.
    Og som oppvokst på ei øy uten pol (der e pol no) so kjenne ej til polturane... :-)

    SvarSlett
  2. ..eg og Miamormannen leeer høgt midt inni Lærdalstunellen.....og til ein seinare tur..her må man velga vener med omhu..la mannen få ta seg av KISS gutane..og gi dei ei overhøvlig for ufin adferd..noko dei har treng leenge...nei du må nok ta deg ein real Sotratur fø å trena....nei no e me ut av tunellen gitt og måååå på diddeli do....He ein super nyfarga hårdag....Klem ;)

    SvarSlett
  3. You make me laugh!!! Dette var prima vare!!!

    Ta ein tur innom bloggen min og bli med på feiringa, flotte premier!

    SvarSlett
  4. Hi..Morsom lesning:-) Godt du fikk tatt polet i samme slengen og ,-)

    Riktig god helg!

    SvarSlett
  5. *LER AV RAMME ALVOR.

    Knallbra historie. Hadde også kastet Kizz ut bakdøren. Herligheten det er helt grusomt bare å tenke på han der med tungen når man tross alt skal på vel planlagt kjøretur til næraste pol!

    God helg, takk for fornøyelig lesning:)

    SvarSlett
  6. Jeg har tittet inn hos deg... koselig blogg du har. Du er velkommen til å besøke min blogg hvor jeg viser bilder fra boken Sjarmerende Gjenbruk som jeg har laget sammen med Hanna.
    Klem...Ellen

    SvarSlett
  7. :o) :o)

    Innom for å ønske deg en herlig helg også da, holdt på å glemme det grunnet innlegget ditt!

    KLEM

    SvarSlett
  8. Herlig lesning! Jeg kjører nesten daglig i Oslo, men du har min fulle sympati :)

    SvarSlett
  9. Festlig lesing, altså!! Lo meg nesten ihjel. Visste du at Gene Simmons har vært sammen med Liv Ullmann?!? For et par!

    God helg til deg og dine og kos deg med polvarene!

    Klem fra Ida

    SvarSlett
  10. Så artig - dette blir bare bedre og bedre !

    SvarSlett
  11. Der finst nok ein del lokale sertifikat-variantar rundt omkring, ja. Sjølv har eg innsett at vegane er utrygge nok om ikkje eg og skal blanda meg bort i køyringa, så eg er så fin på det at eg held meg med privatsjåfør (når eg ikkje reiser kollektivt, altså...) Privatsjåføren min sa nettopp at den som kan køyra i Modalen kan vel køyra kor som helst - det finst både rettare og breiare vegar andre stadar. Modalen er forsåvidt ikkje den verste vegen privatsjåføren min veit om - den store skrekken er vegen mellom Eidslandet og Stamnes. Det er ille nok om sommaren, så vi torer knapt tenkja på korleis det er på vinterføre...
    Det ser no ut til at turen gjekk bra, og at du fekk utretta det du skulle, det var no bra!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.