onsdag 14. januar 2009

Det er den draumen me ber på...

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje --
at tidi skal åpna seg
at hjarta skal åpna seg
at dører skal åpna seg
at berget skal åpna seg
at kjelder skal springa --
at draumen skal åpna seg,
at me ei morgon stund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst om.
Olav H.Hauge

7 kommentarer:

  1. ...Olav hauge ja..en av heltane....har vært på overrskelse med jobb i kveld..kinesisk massasje...å du stooore ..det var deilig....trøtt etterpå..god natt...må skrive om en annen helt først...

    SvarSlett
  2. Hei igjen Britt!
    Fyrst; dette er eit av dei vakraste dikta eg veit om, frå favoritt-diktaren min. (Utan at eg har laga meg noka slik "topp-10" liste med rangering, eller måling og veging om du vil;) )

    Eg har nettopp lese det forrige innlegget ditt, og eg måtte tenke og grunde litt ekstra over det du skreiv. Du skriv så godt og tankevekkande, faktisk så tankevekkande at eg gjorde meg tankar om at 'einkvan' sine skriblerier har vore med på å trigge noko hjå deg?
    Det du skriv om hermetisk harmoni er så bra synest eg. Anten du trur det eller ei så er eg veldig einig med deg; diskusjonar og usemd er den beste kvalitetsikring.
    Ikkje alle likar at det oppstår diskusjonar kring eigne ytringar, dei færraste likar å verte vogne og funne for lette. Menneska er trass alt sårbare individ på godt og vondt.
    Her i bloggland får ein gjerne ei kjensle av "hermetisk harmoni", og av og til undrar eg meg over at alle er så veldig samstemte om alt frå interiørsmak til meiningsytringar. Det er fint og godt å få stadfesting på det ein skriv og publiserar, men eg vil at det skal vere ekte, ikkje nødvendigvis(i mangel på betre nynorsk ord...) eit samstemt kor som er hjartans einige om alt eg legg ut på bloggen.
    No vart dette ein lang kommentar, slik det ofte vert med meg når eg vert engasjert:)
    Eg har fylt bloggen din heilt frå starten, eg kjenner deg ikkje, men av og til trur eg at eg kjenner deg litt likevel...rart dette... Eg har vorte glad i deg og bloggen din, ikkje fordi du tek "så og så" fine bilete, eller fordi bloggen din er "så og så" fin, men fordi noko inni meg fortel at eg likar det du uttrykkjer. Når det er sagt så synest eg at innlegga dine inneheld både nydelege bilete og velformulerte ord, du er ein kunstnar både med bilete og ord i mine auge :)
    Ynskjer deg ein fin torsdag Britt!

    SvarSlett
  3. Fantastisk dikt av flott forfatter! Fin blogg du har.

    SvarSlett
  4. ..ynskje deg en velsigna dag..med draumane du ber på... ;) fra flyplassjenta ;)

    SvarSlett
  5. ...at me ein morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst om...

    Hmmmm, dette er kanskje dei største orda som har vorte ytra gjennom posesi. Heile diktet er så inderleg djupt og rører ved det som er viktig i livet. Dette er ein absolutt favoritt hos meg, og eg bruker det ofte i undervisninga. Trur tenåringar treng å grunne litt på bodskapen i dette diktet. Takk for at du serverte diktet til frukosten min i dag!

    Klem

    SvarSlett
  6. Jau, diktet er vakkert og seier så mykje, men det synest eg du også gjer i innlegget ditt under. Måtte lese noko av det oppatt nokre gongar, tenke, snu på det, men konkluderte: slik er det! Mykje av dette kunne eg også ha sagt, ikkje like gjennomtenkt og godt formulert, men ja....slik er det!

    SvarSlett
  7. Takk for penseltipset, det må eg prøve! Natta!!!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.