søndag 19. desember 2010

Ingen veg tilbake..

4. sundag i advent, ein herleg vinterdag her inne i Hakkadalen.




I god gamaldags stil skal heile familien starve seg ut i høg snjo, på jakt etter juletreet. Trur dei fleste av oss både gler seg og gruar seg. Sonen har allereie bedd om amnesti, syns heile eventyret høyrdes forferdeleg ut.
Eg veit at tradisjonelt er det far og born som fer i skogen... men i 2010, med ei mor som ikkje heilt stolar på at ein far har alle dei estetiske kvalifikasjonane på plass... vert alle med...om dei vil eller ikkje... her skal me kose oss forderva... i god Carl Larsson stil...

lørdag 18. desember 2010

Miraklenes tid..

var ikkje forbi. No er alle gåver i hus. Nokre vert til i dagane som kjem. Kaker brunar seg i ovenen og vaskefilla surrar og sviv rundt...om ein veeeeldig seint. Trur det vert jul i år og. Uansett, for meg skal det berre ein blome til og to og eg er klar for jul...




No må grauten kokast og så startar jakta på juletreet...

God laurdag!

fredag 17. desember 2010

Oh my deer.. by Ramme Alvor

Ja, det har ikkje gje meg hus forbi at skogen skal inn i huset for tida. Og alle hjortane som no ligg og sleng rundt omkring på senger og stolar i norske heimar. Eg kjenner eg vert rett og slett litt fnisete av det. Og da løgnaste er at eg lika da litt... sjølv om me har gjerda huset vårt inne nettopp for å halde hjorten ute.



For ute er han, rett her ute. So eg gjekk ut og knipsa han. Han gidd ikkje stikke av ein gong... synd det er natt her heile døgeret...kanskje til våren får eg han utan blits..

torsdag 16. desember 2010

Som julenissen på kjerringa...

...
Plutseleg var det berre ei veke til jul..



Reint mentalt er eg no sånn sirka midt i oktober..



Bra jula er mirakla si tid....

onsdag 15. desember 2010

Fikus afordikius..

Startar dagen med ei skikkeleg tullete overskrift... men saka er at eg kjenner meg ganske tullete for tida. Eg får slike rare forbiar, eller rett ord er vel heller maniar. Ei stund var det lilla kva-som-helst, so var det turkise julekuler, so kom makrell i tomat og no...Fiken!



Sanninga er at eg før i går, aldri har smaka ein fersk fiken. Men etter eg fekk auge på dei på Coopen (noko som er eit mirakel i seg sjølv) har eg vore heilt bergteken av desse utruleg sjarmerande om enn dog lite spetakulære fruktene. Eg har sjølvsagt fundert over kvifor ein slik dragning?.. og bortsett frå det reint utsjånadmessige opplagte... ..så er fiken tradisjonelt ein svært viktig plante innan dei fleste relgionar og næringsmessig outstanding for dei som er glad i det søte...

I tillegg er fiken jul for meg. Turka fiken høyrde til i bardommens jul. Det kjem heilt sikkert fleire bilder av desse "skapningane" om eg er heldig å treffe på dei i dagslys. I mine auge er dei både fasinerande og vakre...

tirsdag 14. desember 2010

I julen fører alle veier hjem.


Sitat fra Marjorie Holmes

mandag 13. desember 2010

Snart senker natten seg..

Som stasjonssjef for lussekattane på dagen joleverkstad på jobben, måtte eg prøvekjøre ei ny oppskrift i går.



Resultatet vart framifrå og eg antar oppskrifta opprinneleg kjem frå Tine sidan ingrediensane er oppramsa slik: 150 g TINE Ekte Meierismør, 5 dl Tine Melk Hel... Uansett går det nok om mjølka kjem rett frå kua eller eit anna meieri og :) Her finn de oppskrifta.



Å bake med born er veldig gjevande. Ikkje minst når ein kjem til etinga. I dag morges tilbydde eldstemann seg å eta opp restane, og meinte det var rein og skir naud som gjorde det. Kunne ikkje la mat liggje å forkomme slik i brødboksen...


...greit å vite at eplet ikkje fell så veldig langt fra stammen.... sjølv om eg vanlegvis er meir bekymra for holdbarheita på sjokoladen...

søndag 12. desember 2010

Tè dinosaurane i hagen...

Fyrst må eg få takka for alle dei herlege tilbakemeldingane eg har fått i forrige innlegg. Eg set her heilt månebedotten. Veldig kjekt å verte litt kjend med dykk og få vite litt om kva de likar. Det er framleis råd å seie nokre ord om seg sjølv der, heilt til over jul, og vere med i trekninga av noko lukkeleg frå Pip.



I dag har eg laga mat te fuggelane ute på terassen. Dei er vorten ein heil hær og et meir enn ti vise kan produsere. I dag vart det feitt, tranebær/cranberries og solsikkefrø.



I morgon vert det juleverkstad og lussekattebaking...



God ny veke!

lørdag 11. desember 2010

Kven er du?

Hei!
På ein god dag kan det ha vore innom opptil 300 unike besøkande hjå meg. For å setje det i perspektiv så bur det ca 350 menneskje i den vetle kommunen eg bur i.



Og i god landsbygd stil så er eg over gjennomsnittet nysgjerrig og lurar sjølvsagt på kven du er, du som nett no er her. Veldig kjekt om du ville leggje att eit ord eller to om det. For å gjere det verd strevet ditt, trekkjer eg etter jul ut ein av dykk som skal få noko fint frå Pip...

fredag 10. desember 2010

So glad..

No då eg trøtt og litt julesliten klikka meg inn på NIB si desemberutfordring og fann julekalenderen som vart til ei natt i slutten av november, vart eg god og gammaldags glad.



Den er enkel, laga av små klyper og pakker frå Panuro Hobby, Tryggve frå Ikea, stoff frå Stoff og Stil. Pakkene inneheld Patshop overraskelsar til vetlo.

Ta dykk ein tur inn på NIB og finn din favoritt.

onsdag 8. desember 2010

Surrar rundt i mørket...

Ikkje lett å vere "bildebloggar" når nettene er lange og kulda har sett inn. Har ikkje sett dagslys på lenge, og får eg eit glimt ein dag, er eg heilt andre stader enn heime.



Eg forstår at alle tenkjer at desember er månaden me skal kosa oss saman i. Og så vel alle seg ein dag for juleverkstad og julemesse og ein for førjulsfest, sjølvsagt må me ha ein julekonsert og ei lysmesse, kva er jula utan grautfest og julelunch...og so vidare... problemet vert då at heile desember er full i kos for borna... og litt vel mykje mareritt for dei vaksne..



So no, to veker før jul...har eg enda ikkje vaska eit støvkorn eller kjøpt ei julegåve...men kjem tid, kjem råd som dei seier....so var det den tida då? Korleis får de andre det til? Er desember roleg og koseleg, eller kav og bal som her hjå meg i dag?

søndag 5. desember 2010

2 sundag i advent..



Som de ser er ikkje alle pakkene på plass ennå, men til mi eiga trøst fann eg julelysa då eg leitte etter julebordsskoa... som sikkert kjem fram att til sommaren..

fredag 3. desember 2010

I år har eg

dilla på lilla...




flaks det er advent no då.....

torsdag 2. desember 2010

Julegåve...

"Gaver av tid og kjærlighet er i sannhet de grunnleggende ingrediensene i en virkelig god jul. " Ruth Eleanor Bracken

onsdag 1. desember 2010

..for eg må finne skjegget...

Det er med vemod eg må innrømme at jula står litt i fare her inne i Hakkadalen. Ikkje fordi jula ikkje er jul, men fordi mor i heimen har forlagt det meste av remediene som skulle gje den store julestemningen. Det fyrste eg ikkje fann på sundag var alle julelysa. Sist sett to dagar før brullypet i somar. Da som ikkje er stole eller brent, kjem fram att, seier mor mi. Denne gongen trur eg at det er stor fare for det siste alternativet...for framatt har det ikkje komme..


Og i går fann eg ikkje adventskalendaren til vetlo, uansett kor eg lokka og leita. Då klokka var langt på natt stod ein ny ferdig..og då jenta skulle pakke opp fyrste pakka i dag... hang det ei einsleg pakke og dingla..

Eg forstår deg, mamma, da e heilt greitt. Du har jo laga heile denne i natt, sa ho med ei vel overdreven trøystande stemma, medan ho slo ut med armen for å visa kor svært ho tykte det nattlege kalenderprosjektet var...nett som ei mor ville gjort... Så det vert nok jul her og, med so greie ungar.....