..ein herleg replikk frå Facebook. Da è 'kje advent me har fått i dag, da è syndefloa!
Hakkadalen ligg midt i nedslagsfeltet for allskens nedbør. I fjor var det meter på meter med snjo, no er det over 100 mm nedbør pr. døgn. Heilt klårt at juletemningen let vente på seg i vindkasta. Grøne bakkar og enorme elver. 1. desember er det no lell og advendtskalendarane vart no heldigvis klåre.
I år er det litt for ein kvar smak. Ideen er den same, utførelsen varierer. Til og med kaninen har eigen advendtskalender. Dei sov knapt i natt, ungene. So spente var dei. Og tårene trilla fritt då fyrste kalendergåve viste seg å vere defekt - rett frå BR-leker.
Kor lett er det å få bytta ei leikepakke med Creapy Crawlers som no er fordelt over 14 kalenderpakker, sirleg innpakka i gråpapir, teipa og pynta med band? For ikkje å snakke om at det er langt til næraste butikk. Eg skjønar tårene, ikkje eingong sjokolade kunne fikse skuffelsen.
Då eg var lita kunne eg trøyste dei med, fekk me berre pakker kvar tredje dag (3 sysken) og då var det kanskje berre ei hasselnøtt inni. (no kan hukommelsen min ha spela meg eit puss og blanda seg med gamle triste julesonga..) Men tru meg det var lite trøyst for han å finne i mine oppleveingar. Kan vel ha samanheng med litt feilinformasjon faren har drive med.... Du mamma, Pappa seie du levde då det fans dinosaura på jorda...




















































