

Soverommet vårt er veldig lite og har skråtak og eit lite vindauga. I etterpåklokskapens lys (!) skulle me ha laga oss nokre takvindauge for å nyte det lyset som fins her om vinteren. Soveromdraumen er eit stort og luftig rom som badar i lys, men streng tatt bør det no heller vere mørkt når me søv...so akkurat da behovet er godt dekka hjå oss. Små, stygge innsekt i plast fins over alt på sovereommet vårt sidan sonen i huset elskar å vakne utpå kvelden av mor sine hyl....


I tillegg til å vere soverom er rommet også treningsrom for mannen i huset og husar derfor også treningsbenk og haugar med vekter...herleg å stumpe i når ein sjanglar utav senge tidleg ein blåmandags morgon....Sengegavlen laga eg i sommer, det kan de lesa om her.


Eg føler kanskje eg har ramla litt uti trendspannet uten å heilt klara dra det i land. Skulle gjerne vore litt meir innovativ, men dengong ei....snart skal eg mala golvet lyst som i loftstova...
So er det vel berre å sei god natt! I morgon skal eg på Yoga att og prøver autopublisering ....
Lekkert!!! Ahh. Så mange herlege detaljar. Her er det nok godt å kvila sjela. Og hahahaha, til ekle småkryp og rampegutt ;) fantastisk. Nyt resten av helga!
SvarSlettDen sengegavøen der ja, ja den var fin!
SvarSlettBerre lækkert sjølv om det er lite!
SvarSlettSøndagsklem :-)
Så lekkert!!
SvarSlettMasse lykke til;)