onsdag 5. oktober 2011

Keiserens nye klær....

NIB si utfording denne gongen dreiar seg om tapet. Og ja, eg likar faktisk ikkje tapet so veldig godt. Eg syns det er veldig flott hjå andre og på bilde. Men når eg sjølv får slikt øve større overflater, merkar eg etter ei stund  tendens til høge kneløft og surrete tale. Noko kan sporast tilbake til ein voldsom tapetinspirert barndom på 70-talet. Men som den moteslaven og hermelusa eg er, for eg avgårde og kjøpte eg meg ei stripa...

 

No må eg vere den fyrste til å innrømma at resultatet vart litt puslete. Da reiv liksom ikkje i retina sidan eg gjekk for ein mjuk og litt diffus skog. Men heilt ærleg so bur eg midt i ein, skog altso og burde vel strengt tatt heller gje for noko meir urbant. Eit blinkskot frå Red Light District kanskje?

 


Som de sikkert forstår er stripa ikkje vorten limt fast, litt lærargugge som ungane kallar veggkittet held herlegheita oppe. So kan me ta ho ned når me vil og flytte den til meir egna lokasjonar om me skulle ynskje det. Tanken var i allefall god og då er vel allting godt?

 

mandag 3. oktober 2011

Haust i dalen...


Klimatisk er hausten definert til den perioden av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er mellom 0 og 10 ºC og temperaturtrenden er fallande. Etter denne definisjonen varer hausten 60 døgn i Oslo og 66 døgn i Tromsø. Legg du til regn, utan å ha vitskapleg ryggdekning, trur eg talet for Hakkadalen då er 200... :)

Paradisgelè...

Ja, vert no ikkje ferdig med Paradiseplene heilt med det fyrste. Eg fekk dei i fyrste omgong hjå ein flott bonde her i dalen. Ikkje ka so helst bonde heller, berre les HER.

 

Da skulle verta sirup av beste slag, men noko skar seg og det enda opp som ein velsmakande gelè i staden. Koka saft og tilsette sukker. Men sirupen utblei, rett i gelè stadiet bar det. Kanskje for rik på pektin desse eplene? Nokon med erfaring på området som kan hjelpa meg?

 

Uansett, no er snart lageret fullt av alskens etandes produkt. So no kan vel eigentleg jula kome?

Forstod på kommentaren til ei herleg bloggdame her i forgårs at nokre av dykk er litt skeptiske til desse eksperimentelle matinnslaga mine. Og ja eg skjønnar at eg bevegar meg litt i skuggesona av vanleg husmannskost. Men trøyst dykk med det at de har enno ikkje sette det mest alternative og da è meir dar dette kom i frå :)

God mandag!

søndag 2. oktober 2011

Evig eig du kun det tap(e)te

Det har aldelses ikkje gje meg hus forbi at tape plutseleg er vorte slik poppis i interiørverda. Når da gjeld høve til å få tak på slikt er ikkje Coopen heilt på høgda. Dar finne me frysteip, maskerinsteip og gjønosiktig tape. Da må vel eigentleg kallas eit rikhaldig utval.

 
 

So her vart eg heilt klårt hengjande etter. No seie ordtaket at om ein ikkje kan hengja med dei så får ein heller øvegå dei, so lenge hadde eg plana om eit heller overfladisk innlegg om dyreprint og tape i interøret. Men etter fleire forsøk dar kaninen overhode ikkje ville hengja på veggen ettè den svarte byggetapen, gav eg opp den strategien også. Vurderte å bruke tape-remsene med kaninpels til eit innlegg om dyreprint og tapet i interøret, men slo også det frå meg.

   

So eg fekk handla på nettet som alle andre. Med god service frå Lena i Konfetti Form har eg og fått meg "pyntetape". Problemet var berre kva eg skulle gjere med den? So fyst ut va alle umerkte likøra frå 2006 og fram til i dag. Og alle rare gelèar og siruper som eg har eksperimentert meg fram til. No er dei ubønnhørleg merkt og katalogisert. So om ein skulle verte litt surrete etter eit par glas likør eller dram, skal det no i allefall vere lett å lesa seg til kva ein har fått innabords.....

lørdag 1. oktober 2011

Paradisisk dram...

Eg har vore so heldig at eg har fått meg litt pardisepler å leike meg med.

 

Eg tykkjer dei er veldig vakre og dekorative, men har aldri laga mat av dei før. Fyrst ut var dram. Frosne, halve pardisepler og sprit. Slik skal dei stå eit par månadar.

 

So silar eg av. Vurdere å laga likør halvparten. Har ikkje heilt bestemt meg kva eg vil smaksetje den med, men eg har no to månader på meg til å finne ut av det.

 

fredag 30. september 2011

Fredagsbukett...

Asters er ikkje ein blome å kimse tå. Luftig og vakker ein fredag i september.

   

God helg!

torsdag 29. september 2011

Flaggermuslett..

Flaggermuslett
syg dagen seg
fast i håret mitt.



Men eg gjeng med natta likevel,
gjeng med bekkar og elver,
leitar mot havsens djup.



Og kleda mine,
språka,
tek eg aldri av,



dei vernar meg mot,
kulda frå Seinen
under Pont Neuf.



Anemone Latzina - Dagboknotatar

onsdag 28. september 2011

Ikkje Noregs vakraste heim...

...ei heller månadens interiørbloggar i Bolig Pluss.........


   

Her går det kort sagt den vegen høna sparka................