torsdag 15. desember 2011

Juleforventning i stiv kuling...

Dagane rasar avgårde med juleverkstadar, bakekveldar og lysmesser. Fleirtalsforma er meir ei kjensle enn rein sanning. Har vel strengt tatt berre delteke på ein av kvar, men når alt skal skje på ei veke, vert det travelt. I same fart har snjoen fordufta. Ute høljar det ned og julestemningen pressar eg fram med Sissel og Odd på full guffe der eg vassar i uinnpakka gåver og halvferdig julebakst.

 
 

Sanninga er at i år gler eg meg til jul. Og av ingen so helst grunn. Eller av alle grunnar i verda.  Kanskje mest til varmen frå ovnen og varmen frå herlege julegjestar. Til spente ungar og lukta av nyskrella mandarin, eller var det klemmentin? Eg gler meg til stilla fyrste juledag. Den lange frukosten....ein heil dag berre til kos...

 
 

.... herleg!

6 kommentarer:

  1. Så vakre bilete..
    Godt du gler deg!

    klem

    SvarSlett
  2. Så kjekt å høre at du gleder deg!
    Ble nesten litt smittet!
    Selv om været (altså!!) holder mye av stemningen tilbake..makan, sier jeg bare, makan til skikkelig møkkavær!

    Klem!

    SvarSlett
  3. Syns det ser ut for at julestemninga er komen til hakkadalen:-)) Eg gler meg og stort til jula i år - skal bli så godt med gode rolege dagar med god mat og kjekt besøk:-))

    Klem

    SvarSlett
  4. akk ja.. husker den tiden da man hadde nok med å få i seg ei pølse med brød før man skulle avgårde på ett eller annet.. det merkelige er at jeg savner det nå.. juleverkssted på skolen med døttre eller nieser.. juleforestilling med øvelse og høytlesning hjemme i ukesvis før den store kvelden..

    her blir det litt pynting til helga for å få opp stemninga : ) ellers foregår det meste lillejulaften : )

    kos deg og senk skuldrene.. du når alt likevel : ))

    SvarSlett
  5. Eg må berre få sagt at eg likar formuleringane dine! Eg vil gjerne kjøpe boka di om du skulle finne på å skrive ei! :)

    SvarSlett
  6. I'm looking forward to Christmas too !
    Since yesterday I'm at home, so I started decorating my room. But in Poland is no snow, so I'm sad. But I hope it's coming soon !
    Greetings,
    Maedlein

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.