

..slik er det å vera seint ute, ute i siste liten. (og alle skjønar at det ikkje var størrelsen "small" eg leita etter) Alltid litt på hela, gjer i dag det som skulle vore gjort i går. Eg drøyme lika naivt om det året eg vert på linje med dei flinke jentene, jentene som er ferdige med pakkene vekesvis, kanskje åravis på førehand. Jentene som er superkreative og lagar alt sjølv og sjølvsagt heilt frå grunnen.....


.. kvart einaste år er eg for sein til å kjøpe julelys og julepynt...kvart år er det like utplokket som året før. Folk har faktisk kjøpt alle adventslysa før fyrste sundag i advent og butikkane tek då ikkje inn nye...til slike som eg som kjem ei veke etter...
...men til neste år...er det atter nye høve..