fredag 13. mai 2011

Om å falla...

i god jord.



Det er mykje ein tenkjer på når ein fer ute og rotar i molda. I dag kom eg til å tenkje på utrykket å falla i god jord. Eg har merka meg at ting eg stundom seier seier.. ikkje fell i so altfor god jord. At dei fell på steinbunn i grunn, for å omskriva eit anna utrykk.



Men kva er det då som gjer at ord ikkje fell i god jord? Og kva er no eigentleg god jord? Kva er mest avgjerande, jorda eller orda som fell?



I hagen må me passa på å ha god jord til plantane våre. Skulle eg sei noko om kva god jord er, ville eg sagt at den var næringsrik og porøs. Litt som i livet. At sinna som tek i mot orda bør vere kloke, fleksible og villige.



Slik kunne eg fare fram og sagt at jord som er hard, sandhaldig og mager er dårleg plantejord, som og i livet...



Men nei, til betre kjend eg vert med hagen, te meir forstår eg at god jord for ein plante ikkje naudsynt er det for ein anna. Nokre blomar må ha det ganske så trasig reint jordmessig sett for å bløme vakkert, medan andre må stå te knes i kukompost for i det heile å vurdere å setje ein knopp eller to.



Og i livet?.... tja, fell ikkje ord i god jord, so haustar ein vel som ein sår...og då vert det fort eit magert år?..noko som igjen kanskje er grunnen til at graset fort vert grønare på andre sida av gjerdet...men då er me fort over på eit heilt anna tema.. :)

God helg!

13 kommentarer:

  1. Så sant, så sant!!
    Herlige bilder:))

    SvarSlett
  2. Dette var er reflektert og veldig godt innlegg som traff meg. "Å falle i god jord", at de som tar i mot ordene må være kloke, fleksible og villige... Ha en fortsatt fin kveld!

    SvarSlett
  3. Vakre ord til ettertanke og flotte bilder, ønsker deg en fin kveld:)

    SvarSlett
  4. Veldig fint innlegg - vakre ord som gir en noe når en leser. Kombinert med fine bilder, var det bare vakkert;o)
    Fin kveld til deg.
    Klem fra Solveig

    SvarSlett
  5. Herlig innlegg, det falt iallefall i god jord hos meg (om jeg kan sibdet på den måten)... :)

    SvarSlett
  6. Eg er imponert over at du klarer å få sånne fine grublerier ned på papiret. Kreativt og fint skrevet. Flink, det er det du er. Både meg ord og hagejord :-)

    SvarSlett
  7. Fin lesing -litt annerledes enn mange andre innlegg jeg kommer over...
    Du er flink med ord altså -og med jord også ;)
    GOD HELG til deg!
    Klem May Helen

    SvarSlett
  8. ..her var det om å gjøre å ha tungen rett i munnen, og hodet på rett plass :o) måtte lese innlegget et par ganger.. herlig formulert og som alltid : vidunderlige bilder!

    PIP tilbake til deg!!

    SvarSlett
  9. Heisan !! Likte funderingane dine, kunne godt ha gått vidare med ord om både jord, rettferdighet og ulikhet og forskjellige behov men eg tek natt
    snart....

    SvarSlett
  10. Godt skrevet innlegg og liker refleksjon i hverdagen. Kommenterte innlegget igår, men det er borte... Ha en fin helg!

    SvarSlett
  11. Saa sant som det er sagt og en herlig refleksjon! Savner samtalene vaare om "alt og ingenting":) Falt det i god jord forresten? ;)klem fra Dublin xx

    SvarSlett
  12. Du e nesten bibelsk i dag...men så sant! Eg har sørgeleg erfart at td formaningar fell alltid på steingrunn, men kan ein snu dei positivt...ja då fell dei i god jord! ( Eks:" Du køyrer heilt sikkert vetigt og fint du guten min!" Ja, vær trygg mamma!!")

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.